- Veterinærinstituttet gir råd til Hydro Karmøy rundt auka overvaking av fluorpåverknad hos dyr i nærleiken av aluminiumsverket. Det gjeld undersøking av dyr, vurderingar av moglege skadeeffektar av fluor og aktuelle tiltak, seier fagansvarleg for vilt ved Veterinærinstituttet, Turid Vikøren.
Bakgrunnen for førespunaden frå Hydro Karmøy var ei undersøking gjennomført av Veterinærinstituttet. Fleire av dei andre aluminiumsverka som deltok i studien, har også ynskje om å få oppfølging av fluorbelastinga hos dyr.
- Vi kjem i hovudsak til å bruka ville dyr som ein indikator på belastinga av fluor i miljøet rundt verka.
Bakgrunn:
Veterinærinstituttet har i perioden 2019-2021 undersøkt effektar av fluorutslepp på dyr som beitar i nærleiken av aluminiumsverk. Resultata viser at vilt og beitedyr som går tett innpå verka, kan bli så fluorpåverka at dei må avlivast på grunn av skadane dei får.
Undersøkinga blei gjort på oppdrag frå Aluminiumindustriens Miljøsekretariat (AMS).