ESPIAL Fauna - Current state for fluoride exposure of animals in the vicinity of aluminium smelters

Veterinærinstituttet har på oppdrag frå Aluminiumindustriens Miljøsekretariat (AMS), undersøkt fluorbelasting hjå dyr som lever i nærleiken av aluminiumsverk i Noreg. I kartlegginga er viltlevande hjortevilt nytta som indikator på fluorbelasting.

Veterinærinstituttet har utført ei gransking som gir status for fluorbelasting av dyr rundt fylgjande aluminiumsverk: Hydro Årdal, Hydro Sunndal, Hydro Husnes, Hydro Karmøy og Alcoa Lista. Studien viste at graden av fluorbelasting av hjortevilt varierte mellom dei fem lokalitetane og såg ut til å vera påverka av lokal topografi, meteorologiske tilhøve og nivå og type fluorutslepp. Det blei påvist fluorbelasting og fluorose hjå hjortedyr ved alle verk, men av svært varierande omfang og alvorsgrad.

Turid Vikøren

Fagansvarleg vilt, veterinær
Mobilnr: +47 91648742
E-post: turid.vikoren@vetinst.no

Alle ansatte