Yersiniose hos fisk - Yersinia ruckeri

Yersiniose hos fisk kjem av infeksjon med bakterien Yersinia ruckeri. Internasjonalt er sjukdommen mest eit problem i oppdrett av regnbogeaure. I Noreg ser vi stort sett berre utbrot hos atlantisk laks.

Sjukdomsteikna er oftast uspesifikke og klassiske for septikemi. Utbrot er primært sett i setjefiskfasen eller kort tid etter sjøsetting, men sidan 2016 er utbrot hos laks seint i sjøfasen blitt vanlegare, særleg i Midt-Noreg. Difor velg mange å vaksinere mot sjukdomen.

Smittestoff og smittevegar

Y. ruckeri finst i mange serotypar, men særleg serotype O1 (og i noko grad O2) er blitt assosiert med yersinioseutbrot i Noreg. Ein antar at smitteoverføring primært skjer i ferskvassfasen.

Sjukdomsutbrot i sjøfasen ser ein ofte stutt tid etter sjøsetjing, mekanisk avslusing eller liknande handtering, og slike utbrot kan truleg skuldast stressrelatert aktivering av subklinisk infeksjon.

Forskning ved Veterinærinstituttet har vist at ein spesiell og eksklusivt norsk genetisk variant av Y. ruckeri serotype O1 har vore årsak til nesten alle alvorlege yersinioseutbrot her i landet, sidan midten av 90-talet. Ein annan genetisk variant dominerer hos regnbogeaure internasjonalt, men denne er så langt ikkje påvist i Noreg. Den er likevel funnen i 2017 hos svensk regnbogeaure. Difor bør framtidige funn av bakterien hos regnbogeaure i Noreg undersøkjast  ved Veterinærinstituttet. Slik kan vi oppdage ei eventuell introduksjon eller etablering av denne varianten her i landet så tidleg som mogleg.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Yersiniose gir ofte sjukdomsteikn som viser klassiske septikemi, slik som sviming, pusteproblem og unormal symjing. Forløpet kan vera akutt, subakutt eller kronisk. Ved utbrot i setjefiskfasen eller kort tid etter sjøsetjing er det vanleg at sjukdommen strekkjer seg over tid, og då med aukande dødelegheit.

Ein kan også sjå sjukdomsteikn som utståande auger, hyperpigmentering av huda, sår og bløding på gjeller og ved finnebasis. Ved obduksjon kan ein finna væske i bukhola og små indre blødingar. Milten er ofte forstørra, levra bleik og mage/tarm nesten tom.

Diagnostikk
Bakterien kan lett dyrkast frå hovudnyra hos sjuke individ, og veks godt ved 20℃ på vanlege dyrkingsmedium (til dømes blodagar). Dyrking blir tilrådd for sikker serotyping og eventuell genotyping. Histologiske endringar er uspesifikke, men ein kan nytta immunhistokjemisk påvising av bakteriane.

Førekomst i Noreg

 

Yersiniose har sidan første påvising av Y. ruckeri Noreg i 1985, blitt funnet i oppdrett av atlantisk lakslangs heile norskekysten.Dei seinare åra har sjukdomen primært vore eit problem i Midt-Noreg, og til ei viss grad i Nord-Noreg.

Sjølv om det er nærmast berre ein genetisk variant av Y. ruckeri serotype O1, som gir sjukdom hos laks i Noreg, er andre ikkje-sjukdomsframkallande vari anter (antivirulente stammer) vidt utbreidde i norske anlegg med ferskvatn for atlantisk laks.

Difor er påvising av bakterien i anlegg utan sjukdomshistorie, til dømes i biofilm, ikkje nødvendigvis prov på eit yersinioseproblem. Genotyping kan avdekkje om isolatet høyrer til den kjende sjukdomsframkallande varianten.

Tiltak

 

Per i dag er oljebaserte stikkvaksinar mot Y. ruckeri med løyve for marknadsføring ikkje tilgjengeleg i Noreg. Ein del lakseprodusentar, spesielt i midt-Noreg, har likevel starta med injeksjon med vassbaserte dyppvaksinar.

Antibiotikabehandling mot yersiniose kan vere aktuelt, men det kan innebere fare for utvikling av antibiotikaresistens.

Relevante eksterne rapporter