Surra er ein liste 2-sjukdom. Mistanke om surra skal straks rapporterast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Surra skuldast ein infeksjon med ein eincella parasitt (protozo) Trypanosoma evansi, ein eigen variant, Trypanosoma equinum, førekjem i Sør-Amerika.
Ein annan trypanosomart, Trypanosoma equiperdum, er årsak til ondarta bekjelersjuke på hestedyr, som er ein liste 1-sjukdom. Trypanosoma evansi er den av trypanosomartane som infiserer flest dyreslag, men kamel- og hestedyr blir sjukast.
Parasitten overlever ikkje utanfor vertsdyret og må overførast mekanisk med bitande eller blodsugande insekt. Aktuelle insekt er genus Tabanus (hestfluer) og Muca spp, men også Lyperiosa, Stomoxys (stallfluer) og Atylotus. Fluene får infisert blod på munndelane sine når dei syg blod frå infiserte dyr. Sjukdommen blir overført når dette infiserte blodet blir overført når fluene kort tid etter bit og syg blod på mottakelege dyr. Overføringa er mest effektiv dei første minutta etter det første blodmålet og etter åtte timar reknar ein med at smitten er borte frå fluene.
Flaggermus i Sør- og Mellom-Amerika blir sjølv smitta og fungerar som både vektor og smittereservoar. Smitte kan også overførast med brukte kanyler, melk og ved bedekning.
Både sjuke og klinisk friske dyr kan væra som smittereservoar for Trypanosoma evansi. Hestedyr er rekna som reservoardyr i Sør-Amerika. Flodsvin, og flaggermus er andre reservoardyr i Sør- og Mellom-Amerika. I Midt-Austen og Afrika er kameldyr viktige reservoar, og i Kina reknar ein hestar, muldyr, bøffel og hjort som mogelege smittebærarar.
Den største risikoen for introduksjon av smitte til nye områder er ved import av infiserte dyr. Dersom smitte blir introdusert til Europa er ville dyr som hjort, villsvin og gnagarar aktuelle reservoardyr.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Surra kan ta ein subakutt, akutt eller kronisk form. Inkubasjonstida hjå hest er 1-4 veker, men kan også vara i opptil åtte veker.
Når parasitten kjem inn i blodet vil den infisere dei raude blodcellene. Dei infiserte raude blodcellene blir øydelagt av kvite blodceller (makrofager) i lever, milt og lungene. Dyret får eit kraftig fall i raude blodceller (hemolytisk anemi). Dersom sjukdommen går over i ein kronisk fase, vil ofte produksjonen av hemoglobin i levra være redusert.
Symptom:
- Tilbakevendande febertoppar med 41,5 grader celcius
- Svakheit, trøttheit og nedsett allmenntilstand
- Redusert appetitt
- Bleike slimhinner som kjem av blodmangel (anemi)
- Kraftig vektreduksjon
- Ødem i bein, buk, penis, pung og jur
- Punktforma blødningar (petekier) på det tredje augeloket, og blødningar i overgangen mellom slimhinner og hud
- Blødningar i det fremre augekammeret
- Forstørra lymfeknutar og milt
- Ataksi – snublar med frambeina og dreg på bakbeina
- Andre symptom: Blemmer (urtikaria) og knuter i skinnet, gule slimhinner (ikterus) og abort
Ved obduksjon kan ein sjå cellenedbrytning og celledød i skjelettmusklaturen, hjarta, nyrer, lever og i sentralnervesystemet. Ved blødning i framre augekammer kan ein finne trypanosomer der. Ved kroniske tilfeller kan ein finne forstørra (hypertrofisk) og blodfylt lever, og skrumpa og fibrotisk lymfevev. Kadaveret er bleikt og ødem i nedre delar av kroppen.
Sjukdommen utviklar seg avhengig av virulensen hjå parasittstammen og motstandskrafta hjå hesten. Dyr som er utsett for stress som underernæring, drektigheit og arbeid, er meir mottakelege. Ein ser oftare meir akutte sjukdomsteikn og fleire døde hestar (over 50%) i populasjoner som ikkje har hatt sjukdomen tidlegare. I akutte tilfeller døyr hesten i løpet av 2-8 veker.
I endemiske område der det har vore sjukdom tidlegare har hestar ei viss motstandskraft (immunitet) og sjukdommen viser oftare kroniske eller subkliniske former for sjukdom, også friske smittebærarar. Hestar med kronisk sjukdom kan vise sentralnervøse symptom. Esel og muldyr viser svakare symptom enn hestar. I tillegg til hestar og kameldyr kan også hundar og kattar utvikle akutt og fatal sjukdom. Storfe, hjortedyr og bøflar kan også bli alvorleg sjuke. Småfe, svin og elefant utviklar sjeldan alvorlege symptomer, og kan fungera som smittebærarar.
Differensialdiagnosar
Equin virusarterit (EVA) og kronisk parasittsjukdom er moglege differensialdiagnosar i Noreg.
I andre land: Piroplasmose (equin babesiose), Equin infeksiøs anemi (EIA), Dourine og Afrikansk hestepest. Symptomer på ecefalitt kan likne Hepesvirusinfeksjon (EHV-1), og i andre land Equint encefalittvirus (WEE/EEE/VEE), Equin protozoal myeloencephalitis, West Nile virus og Rabies.
Diagnostikk
Symptomer som tilbakevendande (intermitterande) feber, blodmangel (anemi), nedgang i vekt, hevelser (ødem) og forstørra lymfeknutar kan gje grunnlag for mistanke om surra, særleg om hesten kjem ifrå eller er i eit område der sjukdommen er endemisk.
Påvising av antistoff mot Trypanosoma evansi støtter diagnosen og påvisning av parasitten i blod eller vev stadfester diagnosen.
Førekomst
Surra er ikkje påvist i Norge. Nord-Europa, Nord-Amerika og nordre Russland er rekna som fri for sjukdommen. Surra førekjem i Nord-Afrika, Midt-Austen, sør i Russland til Søraust-Asia, samt i Sør- og Mellom-Amerika. Sjukdommen kom til Sør-Amerika ved import av kameler, hester og muldyr. Det er surra i alle Afrikanske land med kameldyr og er den viktigaste årsaken til sjukdom og død på kameler.
Ein reknar med at då det blei påvist surra på Kanariøyane i 1995 så skuldast det ulovleg import av kameldyr frå Afrika. Frankrike hadde eit tilfelle i 2006 etter import av kameldyr frå Kanariøyane, og Spania rapporterte om sjukdom hjå dromedar i 2008, 2015 og 2018, men ikkje hjå hestedyr. Det er dei siste åra rapportert om tilfeller hjå hestedyr i Malaysia, Pakistan, Uruguay og Venezuela.
Surra aukar på i periodar med regn for då er det mest fluer, og er årsak til store tap i husdyrhaldet i dei landa der sjukdommen er endemisk.
Tiltak
Smittestoffet overlever meget kort tid utenfor vertsdyret og det er viktig å isolere dyret frå andre dyr for å hindre smittespreiing med insekter, flaggermus, opne sår og kanyler. Tiltak mot vektorane kan være aktuelle.
I endemiske område kan sjuke dyr få middel mot protozoer som diminazene, suramin og quinapyramine, men desse kan ha biverknader. Middel til storfe er ofte giftige for hest. Legemiddel med melarsomine, quinapyrine og isometamidium er godkjend for kameldyr.
Ved sanering må blod frå infiserte dyr fjernast og det er viktig med grundig vask fordi desinfeksjonsmiddel virkar dårleg på parasitten.
Det finnes inga vaksine mot sjukdommen.
Det er viktig at hestar som kjem frå endemiske område blir kontrollert for surra før import til Noreg.
I endemiske område er det fokus på å finne infiserte dyr og tiltak retta mot fluer og flaggermus for å hindre overføring av smitte til friske dyr.