Skrapesjuke

Skrapesjuke er ein prionsjukdom hos småfe (spesielt sau) som kan finnast i to former – klassisk og atypisk (skrapesjuke Nor98). Sjukdommen fører alltid til døden.

Skrapesjuke er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om skrapesjuke skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Skrapesjuke, både klassisk og Nor98, skuldast eit såkalla prion (infeksiøst protein), og sjukdommen høyrer med til prionsjukdommane (overførbare spongiforme encefalopatiar) som også inkluderer kugalskap (bovin spongiform encefalopati - BSE) hos storfe, CWD hos hjortedyr og Creutzfeldt-Jakob sjukdom hos menneske.

Smittestoffet ved skrapesjuke (scrapie prionprotein PrPSc (eller resistent prionprotein PrPRes) er svært motstandsdyktig for fysisk og kjemisk påverknad.

  • Klassisk form

    I ein flokk med skrapesjuke går ein ut frå at dei fleste infiserte dyra er blitt smitta under eller rett etter fødselen, eller som heilt unge dyr. Fosterhinner og fostervatn kan innehalda store mengder smittestoff og er ei viktig smittekjelde. Det er likevel stor skilnad på kor mottakeleg sauen er, avhengig av sauen sin prionprotein genotype.

    Smitte til nye buskapar skjer ved innkjøp av infiserte dyr eller ved bruk av sams beite og bruk av same avlsverar.

  • Atypisk form

    Det er ikkje kjent at skrapesjuke Nor98 smittar mellom dyr under naturlege tilhøve, men den kan overførast eksperimentelt mellom dyr.

    Det er drøfta om skrapesjuke Nor98 kan oppstå spontant, altså utan at dyret er smitta på nokon måte. Les meir i "Skrapesyke Nor98 - er det en smittsom sykdom?

 

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Skrapesjuke er ein kronisk degenerativ sjukdom som alltid endar med døden.

  • Klassisk form

    Klassisk skrapesjuke råkar sau frå 7 månaders alder, og gjennomsnittsalder for norske kasus er 3,5 år. Talet på sjuke dyr i flokkar eller dyr der smitte kan påvisast kan variera frå eitt smitta dyr til 50 % av dyra. Forløpet av sjukdommen kan vera opptil 6 månader.

    Sjuke dyr har ofte kløe og nappar ull, slik at dei får hårlause parti, ofte symmetriske, eller dei viser nervøse skjelvingar i hovudet, og endrar oppførsel. Spesielt geit kan ha overfølsamheit (hyperestesi) ved berøring.

    Sjuke dyr kan variera i ernæringstilstand. Sau som magrast av utan anna kjent årsak bør undersøkjast for skrapesjuke.

     

  • Atypisk form

    Skrapesjuke Nor98 skil seg frå klassisk skrapesjuke ved at symptoma i hovudsak er knytte til rørsleapparatet, og at det stort sett er eldre sauar som blir råka. Sjukdommen har eit langvarig utvikling, og gjennomsnittsalderen hos dyr med skrapesjuke Nor98 er 6 år (påvist hos dyr frå 3 til 9 år). Skrapesjuke Nor98 ser ein oftast hos sauer med visse genetiske eigenskapar knytt til eit spesielt protein, prionproteinet.

    Sjukdomsbiletet er lite karakteristisk, men viser seg oftast ved endra oppførsel, i flokken. Dei er ustøe, magrar av og har rørsleproblem. I overvakingsprogrammet for skrapesjuke har ein påvist skrapesjuke Nor98 hos sauer som ikkje har vist teikn på sjukdom.

Diagnostikk

Skrapesjuke Nor98 blir diagnostisert på grunnlag av histopatologiske endringar i hjernevevet (vakuolar) og påvising og karakterisering av resistent prionprotein.

Klassisk og atypisk skrapesjuke kan skiljast frå kvarandre ved lokaliseringa av hjerneendringane og ved at det resistente prionproteinet viser andre biokjemiske karakteristika og finst i eit anna mønster ved immunologiske testar.

 

Førekomst

Skrapesjuke finst først og fremst hos sau, men kan også finnast hos geit, særleg etter kontakt med infisert sau, og hos muflon.

Skrapesjuke har vore kjent i meir enn 250 år og er utbreidd i store delar av verda, med unntak av Australia og New Zealand.

I Noreg blei skrapesjuke første gong diagnostisert hos ein norskfødd sau i 1981. Enkelttilfelle av sjukdommen blei påviste fram til 1995 då ein fekk ein auke i talet på smitta flokkar. I 1996 blei skrapesjuke påvist i meir enn 30 flokkar. Etter omfattande nedslakting av smitta flokkar og kontaktflokkar blei talet på nye tilfelle av skrapesjuke sterkt redusert.

I 1998 blei ei atypisk form for skrapesjuke, Nor98, påvist og beskriven for første gong – i Noreg (difor namnet Nor98). Frå då av skil ein mellom klassisk skrapesjuke og skrapesjuke Nor98 eller atypisk skrapesjuke. Årleg blir 5-12 tilfelle av skrapesjuke Nor98 påvist, mens klassisk skrapesjuke blei påvist siste gongen i 2009.

Skrapesjuke Nor98 finst spreidd over heile landet og er oftast påvist hos berre eitt dyr i kvar flokk, men i Noreg er sjukdommen i to tilfelle påvist hos to dyr i same flokken.

Etter at atypisk skrapesjuke Nor98 blei oppdaga, er atypisk skrapesjuke påvist i dei fleste landa i Vest-Europa og USA, men også i Canada og New Zealand, som er fri for klassisk skrapesjuke. Desse tilfella er svært like Nor98 og blir beskrivne som «Nor98», «Nor98-like» eller «atypisk skrapesjuke».

Klassisk skrapesjuke kan finnast i svært lang tid i smitta flokkar dersom ein ikkje set i verk tiltak for å bekjempa sjukdommen.

Hos geit er skrapesjuke funnen ein gong i Noreg, i 2006, og det var hos eit importert dyr.

Overvaking

Overvakingsprogrammet for skrapesjuke starta i 1997, og mange dyr blir undersøkte årleg.

Gå til overvakingsprogrammet

Tiltak

Skrapesjuke er ein liste 2-sjukdom, og ved positive tilfelle vil Mattilsynet påleggja flokken offentlege restriksjonar.