Ringorm (dermatofytose)

Ringorm (dermatofytose) er ein smittsam soppinfeksjon i det ytre laget av huda. Årsaka er ei soppgruppe som er kalla dermatofyttar. Ringorm er ein zoonose og kan smitta mellom dyr og menneske.

Ringorm hos storfe der årsaka er Trichophyton verrucosum  er liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om slik sjukdom skal straks rapporterast til Mattilsynet. Hos andre dyr enn storfe er ringorm liste 3-sjukdom.

Smittestoff og smittevegar

Ringormsoppane (dermatofyttane) er ei vel definert gruppe av muggsopp (ca. 40 artar) som har som kjenneteikn at dei treng keratin for å veksa. Keratin er eit protein som finst i mellom anna hår, negler, klør, horn og forhorna epitel. Dei vanlegaste dermatofyttane tilhøyrer slektene Trichophyton og Microsporum.

Dermatofyttar er meir eller mindre vertsspesifikke, dvs. at dei lettare infiserer enkelte dyreartar enn andre. Hovudverten er den dyrearten som oftast blir smitta av ein bestemt dermatotytt. Andre artar enn hovudverten kan og bli smitta, men då som regel i mildare grad og med mindre smittespreiing. Nokre artar finst sjeldan eller aldri hos andre artar enn hovudverten, mens andre er isolert frå mange ulike artar.

Dei vanlegaste artane i Noreg er (hovudvert i parentes):

  • Microsporum canis (relativt lite vertsspesifikk, men hund og katt er hovudvertar)
  • Trichophyton equinum (hest)
  • Trichophyton benhamiae (marsvin)
  • Trichophyton verrucosum (storfe)
  • Trichophyton mentagrophytes (gnagarar)
  • Trichophyton rubrum (menneske)
  • Trichophyton interdigitale (menneske)

Meir eksotiske variantar kan også påvisast, på grunn av stor reiseverksemd.

Ringorm er som regel lokalisert i det øvre hudlaget (stratum corneum), negler og hår. Infeksjonen startar med at soppsporar fester seg til hår og det ytste daude cellelaget i overhuda. Sporane spirer og dannar hyfer som veks langs hudoverflata og trengjer ned i hårsekker .Her gror soppen over på håra og veks inn i eller utanpå desse, alt etter kva type sopp det er. Hår med soppvekst blir sprø og brekk lett. Dette kan skje i hårsekken eller like over hudoverflata. Slik blir det hårlause flekkar som er typiske teikn på ringorm hos våre husdyr.

Dyr med sjukdomen mister hår og på huda dannar det seg skorper som inneheld soppsporar. Desse sporane spreier seg ved direkte kontakt frå smitta til friske dyr. Indirekte kontakt med innreiing, liggeunderlag, seletøy, børstar, transportkassar og anna utstyr som er ureina med sporar, er og ein viktig smitteveg.

Unge dyr og gamle/svekka dyr er mest mottakelege for smitte. Særleg i buskapar med mange dyr kan ringorm bli eit stort problem, som kan vera vanskeleg å bli kvitt. Små sår eller skadar i huda gjer at soppen får lettare innpass. Varme og fukt, ektoparasittar, dårleg hygiene og stress er predisponerande faktorar.

Under gunstige tilhøve kan sporane overleva i mange år i miljøet (til dømes i husdyrrom, særleg rom med treinnreiing)

Inkubasjonstida (dvs. tida frå smitte til dyra viser kliniske teikn) er varierande, men til vanleg 10-21 dagar (kan vera opptil 6 veker).

Etter gjennomgått infeksjon utviklar dyret som regel immunitet mot ny infeksjon med same dermatofyttart, men dette kan variera frå individ til individ.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sjukdomsteikn på ringorm kan variera frå svake, subkliniske infeksjonar til alvorlege betennelsesreaksjonar. Dette heng truleg saman med infeksjonsstad, dermatofyttart, dyret si motstandskraft og miljøtilhøve. Det vanlegaste biletet er hårlause parti med flass eller skorper. Særleg kattar eller marsvin kan vera friske smitteberarar, utan symptom på infeksjon.

Sjukdomsteikn hos hest kan variera avhengig av dermatofyttart, dyret si motstandskraft, alder og miljøtilhøve. Ofte har fleire hestar i stallen kliniske teikn samtidig.

Trichophyton equinum og Microsporum canis er dei vanlegaste artane påvist hos hest. Dei fyrste lesjonane kjem som regel på hovud, hals og rygg. Det startar oftast med små hevelsar i huda, med strittande hår. Etter kvart dannar det seg hårlause flekkar med ulik grad av flass og skorper. Lesjonane kan vera raude  og væskande  i varierande grad. Miliær dermatitt (mange små knutar/hevelsar i huda) kan også vera eit teikn, særleg i flankane. Tidleg dermatofyttinfeksjon kan nokre gonger likna elveblest, men meir typiske symptom utviklar seg raskt. Dyra kan også ha kløe, men dette er meir sjeldan.

Mange kattar kan ha ringormsporar i pelsen utan å ha kliniske teikn på ringorm. Særleg langhåra vaksne kattar kan vera friske/mekaniske smitteberarar.

Teikn på ringorminfeksjon hos katt kan variera, dei kan vise varierande grad av betennelsesreaksjonar i huda. Dette heng saman med dermatofyttart, individuell motstandskraft, alder, rase og miljøtilhøve.

Microsporum canis og Trichophyton mentagrophytes er dei vanlegaste artane påvist hos katt. Typiske sjukdomsteikn er små, hårlause flekkar med flass og skorper i huda. Katten kan ein sjeldan gong ha kløe. Dei første lesjonane kjem oftast i ansiktet, på øyrer og labbar, men dei kan raskt spreia seg til heile kroppen. Infeksjon i klør (onychomykose) kan unntaksvis finnast samtidig med hudlesjonar.

Miliær dermatitt (små knutar/hevelsar i huda) er eit anna klinisk teikn som kan skuldast dermatofyttar.

Generalisert dermatofytose, med store raude, hårlause, væskande  lesjonar over heile kroppen kan ein finna hos svekka kattar eller hos kattar som er blitt behandla med immundempande legemiddel, til dømes kortikosteroidar. Slike kattar kan i sjeldne tilfelle utvikla sårdannande knutar i huda, kjent som pseudomycetom eller dermatofyttgranulom. Dette ser ein oftast hos langhåra kattar, særleg persarar.

Ringorm hos hund blir relativt sjeldan påvist i Noreg. Det finst oftast hos valpar og unge hundar. Kliniske teikn på infeksjon kan variera avhengig av dermatofyttart og dyret sin immunstatus. Hundar med ringorminfeksjon kan ha små, runde hårlause område med svak grad av betennelsesreaksjon. Dei kan og ha kraftigare betennelsesreaksjonar med  rødme, skorper og blemmer med eller utan puss. Lesjonane utviklar seg vanlegvis i ansikt og på bein/labbar, men kan også finnast andre stader på kroppen.

Nokre hundar kan utvikla alvorleg, kronisk sjukdom med lesjonar over heile kroppen.. Generaliserte tilfelle hos vaksne hundar finn ein oftast hos dyr med svekka immunsystem, til dømes hos hundar som blir behandla med immundempande legemiddel.

Infeksjon er vanlegast hos unge dyr og dyr med nedsett immunforsvar. Stress og dårleg miljø er også predisponerande faktorar. Dei vanlegaste sjukdomsteikna på ringorminfeksjon er håravfall (alopeci), rødme, flass og skorper i huda og varierande grad av betennelsesreaksjon. Dyra kan ha kløe, men ikkje alltid. Hos marsvin startar infeksjonen som regel i ansiktet og på øyrene. Hos kanin startar ringorm vanlegvis først på hovudet (nase, øyrer, rundt augene) og labbar. Ved meir alvorlege tilfelle eller ved underliggjande sjukdom kan også andre stader på kroppen vera påverka hos både kanin og marsvin.

Både marsvin og kanin kan vera friske/mekaniske smitteberarar. Dei vanlegast påviste artane er Trichophyton mentagrophytes (marsvin og kanin) og Trichophyton benhamiae (marsvin)

Nakenmarsvin ser ut til å vera særleg disponerte for ringorminfeksjon.

Ringorminfeksjon hos menneske blir kalla tinea med tillegg av kor på kroppen det er lokalisert.  

Fleire ringormartar kan overførast frå dyr til menneske og frå menneske til dyr. Microsporum canis er særs lite vertsspesifikk og er den dermatofyttarten som oftast blir overført frå dyr (katt) til menneske.  Det er heller ikkje uvanleg at Trichophyton verrucosum smittar frå storfe til menneske.

Menneske har og sine eigne dermatofyttartar som smittar mellom menneske og som kan gi liknande symptom som ved smitte frå dyr, og difor vil dyrking med artsbestemmelse vera naudsynt for å indikera truleg smittekjelde.

Les meir om ringorm hos menneske på heimesida til Folkehelseinstituttet.

Prøvetaking og diagnostikk

Ved mistanke om ringorminfeksjon bør ein ta prøve av dyret og senda denne inn til laboratorium for dyrking. Ein må vera nøye med prøvetakinga fordi eit slurvete prøveuttak kan føra til falskt negativt resultat. Som hovudregel bør dermatofytten identifiserast til artsnivå. Det er viktig å kjenna arten for å vurdera risikoen for smittespreiing. Det er også eit poeng å vita førekomsten av koloniar (sparsamt/rikeleg), då dette kan hjelpa med å skilja mellom mekaniske berarar og reelt infiserte dyr. Mekaniske berarar har ofte eit avgrensa tal koloniar, medan infiserte dyr har massiv produksjon av sporar og vanlegvis mange koloniar i kultur.

Prøvematerialet skal takast frå utkanten av fleire lesjonar, i overgangen mellom friskt og affisert vev, fordi infeksjonen er mest aktiv her. Prøven kan takast ved å nappa ut hår med pinsett eller børsta med steril tannbørste. Det er viktig å få med hårrøter. Ein kan også ta eit overflatisk hudskrap, særleg dersom det er flass og skorper i huda. Ta godt med materiale, då ei for lita prøvemengd kan gje eit feilaktig negativt svar. Dersom håra er lange kan den ytste delen gjerne klippast før napping. Dei inste 1-2 cm lange delar av håra (med hårrøter) blir sende inn til laboratoriet.

Prøvematerialet bør pakkast tørt i papir/papirkonvolutt eller aluminiumsfolie.  

Om ein mistenkjer at eit dyr er frisk smitteberar, kan ein senda inn ein børsteprøve (tannkost frå ubrote forpakning er godt eigna). Børst store delar av dyret mange gonger, men særleg på hovud, hals og frambein. Heile børsten med pels blir pakka inn i papir eller aluminiumsfolie og blir lagd i ein konvolutt for sending. 

Nokre gonger kan det vera aktuelt å supplera hudskrap med biopsi frå randsona av flekken. Dette er særleg aktuelt ved tilfelle med djup pyodermi, granulom eller medsår som ikkje gror..

På laboratoriet blir hår mikroskopert direkte og dyrka på spesielle soppmedium. Dermatofyttar veks med ulik fart. Skåla blir kontrollert ofte, og ved sikker morfologi kan svaret vera klart innan ei veke. Er dyret behandla med soppmiddel før prøvetaking, kan det ta lengre tid. Nokre dermatofyttar veks langsamt, og prøver kan ikkje vurderast som negativ før etter 2-3 veker.

Førekomst

Ringorm er utbreidd over heile verda. I Noreg ser ein i dag ringorm oftast på hest, storfe, marsvin og katt. For vel 40 år sidan var ringorm med Trichophyton verrucosum hos storfe utbreidd her i landet, men systematisk vaksinasjon og sanering har endra dette. Nå ser ein berre sporadiske tilfelle av denne sjukdommen. Storfe kan også smittast av andre artar, som T. equinum, T. mentagrophytes og M. canis.

Tiltak

Ringorm hos storfe der årsaka er Trichophyton verrucosum er ein liste 2-sjukdom. Mattilsynet vil følgje opp mistanke og påvising av sjukdommen med tiltak for å fjerne smitte og hindre vidare smitte til andre dyr eller menneske.

Hos enkeltindivid er ringorm til vanleg sjølvavgrensande og helar etter kvart, med ny hårvekst i midten av dei hårlause partia. Dette skjer i dei fleste tilfella i løpet av 2-4 månader. Men sidan ringorm kan vera svært smittsam, bør tilstanden likevel behandlast for å hindra smittespreiing (til andre dyr og menneske), og for å få ei raskare heling. Behandling er med soppdrepande middel (vask/sjampo, tablettar, mikstur, krem).

For å hindra smittespreiing bør infiserte dyr ikkje ha nærkontakt med andre, friske dyr før infeksjonen er over og dyret er fritt for smitte.

Sidan ringormsporar kan overleva lenge i miljøet, er det viktig med grundig reingjering og desinfeksjon av dyret sitt miljø (innreiing, liggjeplassar, børstar, utstyr og liknande.)

Hest blir behandla med soppdrepande midlar utvendig, fordi systemisk behandling blir svært dyrt. Det er viktig at heile hesten blir behandla og ikkje berre dei lokale lesjonane.

For å hindre smittespreiing bør infiserte hestar haldast isolerte og ikkje ha nærkontakt med andre hestar før infeksjonen er overstått og dyret erklært smittefritt. Ein isolert hest bør likevel ha synskontakt med andre hestar av omsyn til velferda. Alternativt bør ein behandla alle hestar som har kontakt med kvarandre som infiserte.

Under behandlingsperioden bør det helst vera ulike folk som steller infiserte og friske hestar. Dersom dette ikkje let seg gjera, bør friske hestar stellast først og dei infiserte til slutt. God hygiene er viktig, og ein bør unngå å bruka det same utstyret på hestane, som børstar, salunderlag og dekken. Ein bør heller ikkje ri eller stella friske hestar med same ride- eller stallklede som er brukt hos hestar med ringorm. Hestar bør ikkje flyttast frå stallen før det har gått minst 14 dagar etter avslutta behandling, og siste hest på stallen er erklært frisk.

Eit effektivt tiltak for å hindra smittespreiing er å la nye hestar stå i karantene 2-3 veker før dei blir sette inn i stallen. I løpet av den tida vil dei fleste infeksjonssjukdommar bryta ut. Eit anna viktig førebyggande tiltak er å la kvar hest ha eigne børstar og eige utstyr som ikkje blir lånt bort til andre.

Om smitten allereie finst i miljøet, pga. dei overlevingsdyktige spora, kan infeksjon blussa opp med jamne mellomrom i ein stall. Særleg om det kjem inn nye hestar som ikkje tidlegare har vore smitta. På den måten kan smitten komma og gå i bølgjer dersom ein ikkje gjennomfører ei grundig miljøsanering (sjå eige punkt). 

Miljøsanering

Dermatofytter blir overført gjennom mikroskopiske sporar, som blir danna ved fragmentering av sopphyfar på infisert hud eller hår. Pelsen til infiserte dyr er full av slike sporar som blir overalt spreidde, og jo fleire dyr jo større spreiing. Ringormsporar kan overleva lenge i miljøet og eit slikt nærvær av sporar er ei viktig årsak til dårleg behandlingsresultat og stadig reinfeksjon. Det er derfor av stor viktigheit med grundig reingjering og desinfisering av stallmiljøet, transporthengjarar, børstar og anna utstyr. På ein større stall bør det lagast ein saneringsplan (i samarbeid med behandlande veterinær) som sidan blir følgd nøye. 

Det må alltid gjennomførast ei grundig mekanisk reingjering av vegger/golv/innreiing før desinfisering. Det bør også få tid til å tørka mellom vask og desinfeksjon. 

Tekstil og anna utstyr bør enten kastast (bli brent), bli reingjort med desinfeksjonsmiddel og/eller vaskast i varmt vatn (minst 60 °C). Gjerne etterfølgd av tørking i tørketrommel på høg varme. 

Andre utsette stader, som gjerde rundt luftegardar og paddockar kan gjerne også sanerast.

Avsnittet gjeld behandling og tiltak hos enkeltindivid/få kattar.

Hos korthåra kattar med ukomplisert dermatofytose er infeksjonen som regel sjølvavgrensande og helar i dei fleste tilfelle i løpet av 2-3 månader. Men sidan ringorm kan vera svært smittsamt, bør den likevel behandlast. Dette for å hindra smittespreiing i miljøet, smitte til andre dyr og til menneske, og for å påskynda heiling. Hos langhåra kattar som ikkje blir behandla kan ofte infeksjonen vera langvarig, enten med eller utan sjukdomsteikn.

Hos korthåra kattar kan topikal (vask/sjampo) behandling åleine forsvaras dersom katten har få lesjonar og er einaste katt i hushaldet. For kroniske og alvorlege tilfelle (uansett pelslengd) og generelt for ringorm hos langhårskatter er systemisk behandling alltid anbefalt. 

Ein fordel med topikal behandling er at det i stor grad reduserer spreiing av soppsporar i miljøet. Optimal behandling er derfor ein kombinasjon av systemisk og topikal behandling

Klippe eller ikkje klippe?

Klipping blir tilrådd særleg til langhåra kattar. Det optimaliserer topikal behandling (betre penetrering av medikamentet) og minimerer spreiing av sporar i miljøet. Klipping må likevel gjerast med varsemd (for ikkje å skada huda) og i eit rom som lett lèt seg desinfisera. Det bør brukast eingongshanskar og verneklede. Infisert hår bør brennast, bli autoklavert eller bli dynka i desinfeksjonsmiddel før det blir kasta. Klippemaskina må desinfiserast grundig i etterkant. Dersom dei beskrivne forholdsreglane ikkje lèt seg gjennomføra er det betre å ikkje klippe.

.For å forhindra smittespreiing bør infiserte dyr bli haldast borte frå andre dyr og ikkje ha nærkontakt med andre friske dyr inntil infeksjonen er over og dyret er erklært smittefri.

Sidan ringormsporar kan overleva lenge i miljøet er det svært viktig med grundig reingjering og desinfisering av miljøet til dyret (innreiing, liggjaplassar, børstar, utstyr o.l.). 

Store kattegrupper

Dersom ein har fått ringormsmitte inn i ei større kattebesetning kan det vera krevjande å bli kvitt problemet. Tett samarbeid med behandlende veterinær og eit nøye planlagt behandlingsopplegg er nødvendig.

Hos korthåra hundar med få lesjonar kan topikal (vask/sjampo) behandling åleine vera nok. Langhåra hundar bør klippast og behandlast både systemisk (tablettar, mikstur) og topikalt.

Miljøkontaminering frå hundar ser ut til å vera vesentleg lågare enn for katt. Det er også mindre fare for smitte frå hund til andre dyr og menneske.

Alle dyr i flokken bør behandlast, og dyr som ikkje viser sjukdomsteikn. Det bør behandlast med soppdrepande midlar, enten topikalt (vask/sjampo/krem) og/eller systemisk (tablettar/mikstur). Kva behandlingsstrategi ein vel avheng mellom anna av antal dyr og alvorsgrada. Det optimale er ein kombinasjon av topikal  og systemisk behandling.  

Sidan ringormsporar kan overleva lenge i miljø er det svært viktig med grundig reingjering og desinfisering av miljøet til dyra (bur/innreiing, børstar, utstyr o.l.).

Ta kontakt med lege for diagnostikk og behandling for ringorm.

Menneske har sine eigne dermatofyttartar som kan gi liknande symptom som ved smitte frå dyr, og artsidentifisering kan gi meir informasjon om sannsynleg smittekjelde og spreiing.

Førebyggjande tiltak for å hindra smitte frå dyr til menneske:

  • Ha god hygiene, vask hendene godt etter kontakt med dyr.
  • Kontrollera infeksjonen vha diagnostiske testar og rett behandling
  • Hindra infeksjon ved å redusera dyret si eksponering for smitte
  • I samråd med kommunehelsetjenesten: redusera eksponering for utsette grupper frå potensielt infiserte dyr eller kontaminert miljø.

Kontaktpersoner

Ellen Christensen

Ellen Christensen

Veterinær/forsker
Bente Fjermestad-Eie

Bente Fjermestad-Eie

Veterinær, fagansvarlig smådyr og zoonoser
Arvid Reiersen

Arvid Reiersen

Seniorrådgiver, fagansvarlig hest
Alle ansatte

Les siste nytt fra Veterinærinstituttet

 
Alle nyheter