Ringorm hos storfe

Ringorm (dermatofytose) hos storfe er ein smittsam soppinfeksjon i det ytste laget av huda, der årsaka er ei soppgruppe kalla dermatofyttar. Ringorm er ein zoonose som kan smitta mellom dyr og menneske.

Årsaka til ringorm hos storfe er soppen Trichophyton verrucosum. Ringorm hos storfe er liste 2-sjukdommar, og førekomst av eller mistanke om slik sjukdom skal straks rapporterast til Mattilsynet. For ringorm hos andre dyr, sjå faktainformasjon under artikkelen ringorm.

Smittestoff og smittevegar

T. verrucosum er den viktigaste dermatofytten hos storfe, men storfe kan og smittast av andre artar, i hovudsak Trichophyton mentagrophytesTrichophyton equinum (hest som hovudvert) og Microsporum canis (katt som hovudvert). Ved smitte av desse tre siste artane er ikkje listeførte og fører ofte til mildare sjukdom og smittar i mindre grad mellom dyr, samanlikna med infeksjon med T. verrucosum.

Soppen infiserer keratinholdige strukturer som hud og hår hos storfe. Den nytter keratin som næringskjelde og forårsakar typiske symptom i form av hårlause flekker med skorper og flass. Soppsporane blir spreidde ved direkte kontakt mellom infiserte og mottakelege dyr, og indirekte via innreiing, børstar, transportar og anna utstyr som er ureina med sporar. Mange dyr blir smitta på fellesbeite, og symptoma opptrer ofte fyrst etter innsetjing seint om hausten og i vintermånadane. Livdyrhandel er ein viktig spreiingsmåte mellom buskapar.

Inkubasjonstida (dvs. tida frå smitte til kliniske symptom viser seg) er varierande, men til vanleg 10-21 dagar (kan vera opptil 6 veker).

Under gunstige tilhøve kan sporane overleva mange år i miljøet, spesielt innandørs.

Sjukdomsteikn

Utviklinga av sjukdommen varierer i høve til dyra sin alder og immunstatus. Predisponerande faktorar inkluderer varme og fukt, dårleg hygiene og stress. Soppen finst i det øvre hudlaget (stratum corneum) og på hår. Når den veks på eller i håra, blir desse sprø og brekker lett enten nede i hårsekkane eller like over hudoverflata. Dette gir dei hårlause flekkane som er typiske for ringorm, og dei er ofte lokaliserte på hovud, hals og nakkeområde . Huda blir ofte fortjukka og dekka av flass og skorper, og soppveksten spreier seg radiert utover. Etter kvart kan ny hårvekst danna seg sentralt i flekkane.

Dyra er oftast lite påkjente allment, og hudendringane gir som regel ikkje kløe eller smerte. Fôropptak og tilvekst blir derfor lite påverka.

Storfe av mjølkeraser viser ofte meir typiske teikn på ringorm, medan symptoma kan være mindre tydelege og svakare hos kjøttferasar. Langt hårlag kan skjule hudendringane, og det anbefalast å klippe kjøttfe før undersøking.

Bildene under viser storfe med ringorminfeksjon. (Alle foto: Mattilsynet)

Prøvetaking og diagnostikk

Ved mistanke om ringorm hos storfe bør ein alltid ta prøve frå eitt eller fleire dyr for å få bekrefta kliniske observasjonar med laboratoriediagnose. Staten dekkar kostnadane ved laboratoriegranskinga fordi ringorm hos storfe er ein liste 2-sjukdom.

Prøven må takast nøyaktig, fordi eit slurvete prøveuttak kan gi eit falskt negativt resultat. Prøvematerialet skal takast frå utkanten av fleire lesjonar, i overgangen mellom friskt og sjukt vev, då det er her infeksjonen er mest aktiv. Prøven blir teken ved å nappa ut hår med pinsett og det er viktig å få med hårrøter. Ein kan også ta eit overflatisk hudskrap dersom det er mykje flass og skorper i huda. Dersom håra er lange, kan den ytste delen klippast av før napping. Ved mindre tydelege symptoma er det mogleg å børsta huden med en rein og ny tannkost.

Prøvematerialet sendast i eit sterilt prøveglas eller plastbehaldar (Falconrør e.l.) utan å skru lokket heilt igjen, eventuelt proppa med bomull for å hindra at det blir tett og dermed fuktig. Alternativt kan materialet pakkast inn i papir, papirkonvolutt, eller aluminiumsfolie. Prøvene bør sendast med ekspress over natt til Veterinærinstituttet.

PCR analyse eller dyrking vert nytta for å fastslå om det er Trichophyton verrucosum i prøven.

Førekomst 

Ringorm er utbreidd over heile verda, og rammar særleg kalvar og ungdyr i områder der sjukdommen er endemisk, men dyr av alle aldre er mottakelege. Infeksjonen kan gi varige hudendringar som fyrst blir synlege ved garving, noko som reduserar kvaliteten på huda og læret. For vel 30 år sidan var ringorm forårsaka av T. verrucosum ein vanleg sjukdom hos storfe her i landet. Systematisk vaksinasjon har endra dette biletet og førekomsten av ringorm er nå kraftig redusert i Norge. Dette har ført til økonomisk gevinst for den enkelte bonde og for storfenæringa, ettersom førekomst av ringormrelatert kvalitetsfeil på huder er sterkt redusert dei siste åra.

I nyare tid har det vært to større utbrot med T. verrucosum i Norge.  I perioden 2017 til 2022 var det utbrot i Rogaland, og i 2023 ble ringorm påvist i fleire buskapar i Trøndelag. Etter 2022 har det vore sporadiske tilfelle i Rogaland og Agder.

Ein veit ikkje den sanne utbreiinga av dei andre dermatofyttene hos storfe, men dei påvisast av og til i store deler av landet.

Tiltak

Ringorm hos storfe der årsaka er T. verrucosum er ein liste 2-sjukdom i Noreg. Mattilsynet bandlegg besetningar der ringorm er påvist og gir vedtak om saneringstiltak. Tiltaka er inndelt i fasar, der målet er at bandlagde buskapar kan få tilbake ringormfri status. Tiltaka omfattar vaksinering av dyr og vask og desinfeksjon av husdyrrom.

Bandlegging av buskapar og krav om sanering fører til store ekstrakostnader for bønder og næringa. Slakteria må leggja om rutinane sine for henting av dyr og gjennomføra grundig vask og desinfeksjon av køyretøy og utstyr etter avslutta transportoppdrag. Styresmaktene har utgifter i samband med diagnostikk, og pålegg og oppheving av bandlagde buskapar. Kostnadane i samband med dette er blitt betydeleg reduserte i takt med nedgangen i talet på bandlagde buskapar frå 1980 til i dag.

Tilrådde førebyggjande tiltak i buskapar som er frie for ringorm

Direkte kontakt mellom dyr er den største risikofaktoren for overføring av ringormsmitte. Ein bør derfor ha eit bevisst forhold til livdyrkjøp og bruk av fellesbeite. Ved innkjøp av dyr bør ein få helseattest fra selgerbesetningen, og forsikra seg om at det ikkje finst ringorm i buskapen som leverer dyra.

Det finnes gode vaksiner mot ringorm, men generelt tilrår ein ikkje vaksinering mot ein liste-2 sjukdom utan at besetningen er smitta og vaksinering er ein del av bekjempelsesarbeidet.

For ringorm hos andre dyr, sjå faktainformasjon i artikkelen ringorm.

Les siste nytt fra Veterinærinstituttet

 
Alle nyheter