Fotråte hos sau

Fotråte hos sau er ein smittsam og smertefull bakterieinfeksjon i huda i klauvspalta og i klauva sitt hornlag.

Fotråte hos sau er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om slik sjukdom skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til fotråte (smittsam klauvsjuke) hos dyr er bakterien (Dichelobacter nodosus). Eigenskapar hos bakterien er avgjerande for kor alvorlege symptoma blir, og ein skil mellom virulente (hissige) og lågvirulente (milde) variantar av D. nodosus. Sjukdommen må ikkje forvekslast med fotråte hos villrein, der årsaka er ein annan bakterie, Fusobacterium necrophorum).

Bakterien er obligat anaerob og kan berre overleva nokre få dagar utanfor verten, også under anaerobe tilhøve. I djupe sprekker i kronisk infiserte klauver kan den overleva i årevis.

Dichelobacter nodosus har fimbrieantigen som set bakterien i stand til å hefta seg til og infisera vevet. Desse antigena er immunogene og dannar grunnlaget for inndeling i klassar og serogrupper. Det finst ulike stammer av bakterien med varierande sjukdomsframkallande evne eller virulens.

Virulensfaktorane er keratolytiske enzym: elastase og proteasar. Det er i fyrste rekke infeksjon med D .nodosus med desse virulensfaktorane som blir karakterisert som fotråte.

Sau er hovudvert for bakterien. Geit og storfe kan bli infiserte, men sjukdomstilstanden hos desse blir sjeldan like alvorleg som hos sau. Alle aldersgrupper kan bli angripne, men tilstanden er mest alvorleg hos eldre dyr. Tidlegare gjennomgått infeksjon gir ikkje tilstrekkeleg immunitet mot nye infeksjonar.

Dyr med kronisk infeksjon er ei viktig smittekjelde når dei blir flytta til nye buskapar. Nye dyr innan ein flokk blir smitta av puss frå dyr med fotråte som ureinar beite og underlag.

Bakteriane overlever berre få dagar i miljøet, men materiale avskore frå klauver kan vera smitteførande i lang tid. Fuktig miljø og temperaturar over 10 °C disponerer for spreiing av sjukdommen.

D. nodosus infiserer dyra gjennom skadar i huda. Sår og rifter i huda infisert med Fusobacterium necrophorum disponerer for infeksjon med D. nodosus.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Fotråte blir ofte oppdaga ved at fleire sauer brått blir halte. Tilstanden er smertefull, og sauen vil til slutt ikkje ta støtte på foten. På dei angripne føtene er begge klauvene råka, og som regel finst sjukdommen på fleire føter. På grunn av smerter kan sauen gå på framføtene.

Dei første teikna på infeksjon er opphovning og fukt på huda i klauvspalta. Her får huda i overgangen mot klauvkapselen eit kokt preg. I dette stadiet haltar dyret lett.

Fotråte er ein infeksjon i dei laminære delane av epidermis, med nekrose og nedsmelting av hornstoff med etterfylgjande underminering og løysing av klauvkapselen. Bakterien sine virulensfaktorar fører til at den indre, nyaste delen av klauvkapselen etter kvart går til grunne, og klauva blir underminert og løysnar. Dette skjer først i aksialflata framfor ballen, deretter distalt, framover og bakover. I alvorlege tilfelle er både aksial og abaksial flate med såle råka, og klauva kan falla av. Det er likevel ikkje lett å sjå klauvløysninga ved første augnekast, men dette blir tydeleg ved nærane undersøking.

Fotråten dannar eit gråleg og alltid sparsamt eksudat med ei særeiga stram lukt. Pussdanning i tillegg til dette eksudatet er ikkje vanleg ved denne tilstanden.

Sekundærinfeksjonar kan komplisera sjukdomsbiletet.

Når dyr frisknar til etter gjennomgått infeksjon, enten dei er blitt behandla eller ikkje, vil alltid nokre dyr bli verande kronisk infiserte. Hos desse kan smittestoffet overleva i årevis, og dei vil vera ei viktig smittekjelde framover.

Dichelobacter nodosus utan desse virulensfaktorane gir ein mildare infeksjon utan underminering av sjølve klauvkapselen.

D. nodosus kan også vera årsak til sjukdom hos storfe, men ein reknar med at det berre er lågvirulente variantar som etablerer seg hos ku over tid. Det er usikkert om storfe er ei smittekjelde for sau, og omvendt.

Diagnostikk

Kliniske teikn og typiske klauvlesjonar gir mistanke om sjukdommen.

Bakterien blir påvist ved dyrking, og virulensfaktorane blir bestemt biokjemisk. Bakterie og evne til å danna virulensfaktorar kan også bestemmast med PCR-teknikkar.

Aktuelle differensialdiagnosar er klauvspaltebetennelse, klauvbrannbyll og andre klauvsjukdommar.

Førekomst

I 2008 blei fotråte hos sau påvist for første gang på 60 år i Noreg, og mange buskapar blei etter dette undersøkte. Desse undersøkingane indikerte at virulente D. nodosus bakteriar var utbreidde hos sau i delar av Rogaland, og at meir enn 96 % av dei virulente isolata høyrde til i same serogruppa (serogruppe A). Desse funna forsterka mistanken om at virulente D. nodosus variantar nyss var importerte til landet og hadde spreidd seg i eit avgrensa geografisk område.

Lågvirulente variantar finst hos sau, storfe og geit, er geografisk meir spreidde og høyrer til fleire serogrupper.

Fotråte er utbreidd i fleire europeiske land, mellom desse Sverige og Danmark.

Overvaking

Eit stort samarbeidsprosjekt (Friske føtter) mellom involverte næringsaktørar, styresmakter og Veterinærinstituttet blei etablert i 2008/2009 og blei avslutta i 2014. I 2014 blei det erstatta av eit overvakingsprogram finansiert av Mattilsynet og koordinert av Veterinærinstituttet.

Gå til overvakingsprogrammet

Tiltak

Fotråte er ein liste 2-sjukdom. Utrangering av kronisk infiserte dyr i ein buskap er viktig i sjukdomskampen. Sjå meir informasjon om tiltak på nettsida om prosjektet Friske føtter.