Aflatoksiner

Aflatoksin er muggsoppgifter frå varmekjære soppar som normalt trivst best i tropiske område. Aflatoksin finst difor først og fremst i importerte matvarer.

Aflatoksin er lågtoksiske, leverkreftframkallande og immunotoksiske.

Smittestoff og smitteveier

Aflatoksin blir produserte av muggsoppane Aspergillus flavus og Aspergillus parasiticus. Det finst fleire ulike aflatoksin. Dei vanlegaste er variantane B1,B2, G1 og G1. Aflatoksin B1 er både den giftigaste og vanlegaste av aflatoksina.

Aflatoksin B2 og G2 førekjem  berre i små mengder, og sjeldan eller aldri utan at også B1 er til stades. G1 kan førekoma i  tilsvarande mengder som B1, men ikkje utan at B1 er til stades. I tillegg kan aflatoksin M1 finnast i mjølk når drøvtyggjarar har fått i seg B1. M1 blir då danna frå Aflatoksin B1 i vomma.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Aflatoksin er akutt levertoksisk for mange artar. Det er sett massedød av kalkun som hadde fått peanøttmjøl i fôret, der kalkunane hadde store blødingar i levra. I 2004 blei fleire hundre menneske i Kenya innlagde på sjukehus med akutt leversvikt I verdsdelar med god økonomi og stor tilgang på mat er det ikkje rapportert om slike akutte forgiftingar med aflatoksin hos menneske.

Aflatoksin B1 blir rekna for å vera eitt av dei mest potente leverkreftframkallande stoff ein kjenner til. Det finst ikkje ein terskeldose for effekt (ein minste dose som har effekt), men  sjølv små mengder aflatoksin aukar risikoen for kreft. Difor bør eksponeringa haldast så låg som mogleg. Effekten av aflatoksin blir forsterka av ein samtidig infeksjon med hepatitt B.

Aflatoksin er også akutt immunotoksisk og svekker spesielt det cellulære immunforsvaret.

Aflatoksin blir påvist ved hjelp av ulike kjemiske metodar.

Førekomst

Aflatoksin er svært ujamt fordelt i matvarer og mellom ulike parti av fôr og mat. Det kan til dømes vera høge konsentrasjonar i ei enkel nøtt som er infisert av soppen (13 000 mg/kg er påvist), mens det i andre nøtter ikkje finst toksin. Denne ujamne fordelinga gjer det vanskeleg å ta ut representative prøver for kontroll.

Aflatoksin er ikkje uvanleg i ulike typar nøtter som peanøtter, paranøtter, pistasjnøtter og hasselnøtter. Soppane som dannar aflatoksin infiserer vanlegvis nøttene ute på feltet, ofte i samband med innhausting. Mekaniske skadar og insektskadar gjer det lettare for muggsoppen å infisera nøttene.

Spesielt pistasjnøtter kan innehalda aflatoksin, spesielt pistasjnøtter frå Iran.

Aflatoksin er vanleg også i fiken. Soppen infiserer gjerne frukta under innhaustinga. Fiken-aflatoksin har den spesielle eigenskapen at det fluoriserer. Dette kan brukast i kontrollen, då fluoriserande fiken kan sorterast bort. Metoden verkar berre på fiken som ikkje har vore utsette for sollys fordi fluorescensen minkar i sollys utan at aflatoksina forsvinn.

I tropiske område er mais ei viktig kjelde for aflatoksin, særleg i Afrika, men det kan vera betydelege konsentrasjonar av aflatoksin i mais også frå Amerika og Asia. Bortsortering av synleg misfarga mais kan redusera humant opptak, men dette er ikkje tilstrekkeleg til å unngå eksponering. Betydelege mengder aflatoksin er også påvist i lokalt produserte alkoholhaldige drikkevarer som er baserte på mais.

Overvaking

Mattilsynet har ei viss overvaking av aflatoksin i ulike typar matvarer, fôr og fôrråvarer. Veterinærinstituttet er i periodar involvert i desse undersøkingane.

Tiltak

Det er innført grenseverdiar for aflatoksin i nøtter, frukter og korn for humant konsum, på 4 µg/kg for summen av aflatoksin B1, B2, G1 og G1.Innhaldet av aflatoksin skal ikkje vera høgare enn 2 µg/kg .Det er høgare grenseverdiar for varer som skal bearbeidast vidare.

Aktuelle fagområde