Statråden vitja Veterinærinstituttet

Denne saken er eldre enn to år

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vitja i dag Veterinærinstituttet. Han fekk prøve seg på MRSA-testing i Bakteriologisk laboratorium for han opna Antibiotikaresistensseminaret 2016 i regi av Veterinærinstituttet og Mattilsynet.

Statsråden i følge med mellom anna politisk rådgjevar Margrete Dysjaland blei tatt imot av assisterande direktør Tore Tollersrud. På laboratoriet blei han vist kva han skulle gjere av seniorforskar Marianne Sunde og fungerande seksjonsleiar Bjarne Bergsjø.

-Noreg sin strategi for å hindre spreiing av antibiotikaresistente bakterier i norsk landbruks- og matproduksjon har vore vellukka, konstaterte statsråden i si opning.

Omfattende samarbeid og stor innsats

Han understreka betydinga av det omfattende samarbeidet og den store innsatsen frå norske bønder, næringa, forvaltninga og forskningsmiljøa. Han viste også til dei overordna måla i Regjeringa sin strategi om antibiotikaresistens for redusert og riktigare bruk av antibiotika, auka kunnskap om kva som driv utvikling og spreiing av resistens, og at Noreg skal vere ein pådrivar internasjonalt for utvikling av nye antibiotikum og vaksinar. 

Frå arrangørane si side fekk statsråden og andre gjester frå næring, forvaltning og presse høyre om ny forsking som tilseier at MRSA-strategien er vellukka, om ein ny samfunnsøkonomisk modell og om tall frå 2015 for forbruk av antibiotika og utvikling av resistens hos norske dyr og i norsk mat.

-I mars i år vedtok eg ein handlingsplan for Landbruks- og matdepartementet sin sektor, med tiltak som skal bidra til at vi klarer å nå desse måla. Det er bra at vi makter å halde resistensproblemet på eit lågt nivå i vårt eige land, men eg er svært bekymra for den globale utviklinga. Andre land i Europa nyttar til dømes 50 gonger meir antibiotika per kilo kjøt enn Noreg, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Dei som presenterte under seminaret var Carl Andreas Grøntvedt frå Veterinærinstituttet og Petter Elstrøm frå Folkehelseinstittutet, Helge Arne Løtveit frå Mattilsynet og Anne Margrete Urdahl frå Veterinærinstituttet. Seminaret blei avslutta med ei overlevering av NORM-VET-rapporten for 2015 frå assisterande direktør Tore Tollersrud i Veterinærinstituttet til adm. dir. Harald Gjein I Mattilsynet. Gjein kommenterte då kor viktig det er å oppretthalde eit lavt resistensnivå i Noreg.   

Del artikkel