Éin helse-dag: Soppmiddelresistens trugar både menneske, dyr og miljø

På verdsdagen for Éin helse 3. november set Veterinærinstituttet søkelys på eit aukande globalt helseproblem: resistens mot soppmiddel.

Muggsoppen Aspergillus fumigatus finnes overalt i naturen. Den kan forårsake sykdommen aspergillose, men da hovedsakelig hos immunsvekkede personer. Den kan også føre til allergi og astma. Soppen er forstørret 1300 ganger. Bildet er tatt med skanning elektronmikroskop og fargelagt. Foto: Jannicke Wiik Nielsen, Veterinærinstituttet
Muggsoppen Aspergillus fumigatus finnes overalt i naturen. Den kan forårsake sykdommen aspergillose, men da hovedsakelig hos immunsvekkede personer. Soppen er forstørret 1300 ganger. Bildet er tatt med skanning elektronmikroskop og fargelagt. Foto: Jannicke Wiik Nielsen, Veterinærinstituttet

Soppinfeksjonar kan ramma både menneske, dyr og plantar – og med eit våtare og varmare klima i vente, aukar risikoen for at resistente soppar spreier seg. Kvart år døyr over 1,5 millionar menneske av soppinfeksjonar – mange av dei grunna resistens mot azoler.

Prosjektet NavAzole, leia av seniorforskar Ida Skaar ved Veterinærinstituttet, undersøker korleis den vanlege soppen Aspergillus fumigatus utviklar resistens mot azoler – ei gruppe soppmiddel som blir brukt breitt i medisin, landbruk og industri. Verdas helseorganisasjon (WHO) har peika ut denne soppen som ein potensiell helsetrussel, særleg for personar med svekt immunforsvar.

– Me må forstå kvar og korleis resistens oppstår, og korleis den spreier seg, seier Skaar. – Det krev samarbeid på tvers av sektorar, og eit tydeleg Éin helse-perspektiv.

Azolresistens er eit døme på korleis helseutfordringar ikkje kjenner grenser mellom menneske, dyr og miljø. Difor må løysingar utviklast i fellesskap – med forsking, overvaking og ansvarleg bruk av soppmiddel som viktige verktøy.

Les meir om prosjektet NavAzole

Del artikkel