Soppmiddelresistens eit aukande problem i verda

Prosjektet NavAzole skal blant anna kartleggja og skapa forståing for utviklinga av soppmiddelresistens. Seniorforskar ved Veterinærinstituttet, og leiar for prosjektet, Ida Skaar meiner kunnskapen er heilt nødvendig for å vere føre var - spesielt med tanke på eit våtare og varmare klima me truleg kan venta oss framover.

(Teksten er eit utdrag frå Silje Kvist Simonsens nettsak for NIBIO, og er henta frå nettsidene deira).


Sopp kan forårsake sjukdom i både menneske, dyr og planter. Kvart år døyr 1,5 millionar menneske av soppinfeksjonar, og soppangrep i matplanter truar matproduksjonen. For å beskytte oss har me utvikla kjemiske middel - i form av medisinar eller plantevernmiddel - som drep skadelege soppar. Det mest effektive verkemiddelet mot soppinfeksjonar er ei gruppe stoff som går under fellesnemninga azoler.

– Det er livsviktig at azolene vi bruker mot patogene soppar har god effekt, fortel Ida Skaar, seniorforskar ved Veterinærinstituttet.

Azoler blir nemleg hyppig brukt – som medisin til menneske og dyr, for å hindre soppsjukdomar i matplanter og på golfbaner, for å bevare treverk, for å hindre mugg i blomsterløk og rundballefôr, og for å bevare prydplanter. Lista er lang. Den hyppige bruken bekymrar forskarar. Den skadelege soppen utviklar nemleg resistens.

Eit lite utforska tema

Antibiotikaresistens er ei velkjend problemstilling som vekker bekymring hos mange. Til samanlikning er soppmiddelresistens eit lite utforska, men svært relevant, tema. Verdas helseorganisasjon (WHO) har mellom anna vald ut soppen Aspergillus fumigatus som ein sopp som kan utgjere ein helsemessig trussel framover. A. fumigatus er ein veldig vanleg sopp som finst overalt, og den er ikkje farleg for friske folk. For personar med svekka immunsystem kan den gi infeksjonar som må behandlast. Då er det livsviktig at medisinen, som vanlegvis er basert på azoler, er effektiv.

– A. fumigatus som er resistent mot azoler er eit aukande problem i verda, fortel Skaar.

– Me kjenner ikkje til korleis situasjonen er i Noreg, men med det våtare og varmare klimaet som me truleg kan vente oss framover, vil problemet bli større.

– Kunnskap om situasjonen i Noreg er heilt nødvendig. Me må vere føre var, og ha nødvendig kunnskap før problemet blir for stort. Me må mellom anna vite kor mykje resistens me har, kva slags måte soppen har utvikla resistens på, og i kva miljø resistens lett kan oppstå (såkalla hotspots).

Éin helse – alt heng saman

Skaar leier prosjektet NavAzole som har som mål å kartleggje og forstå utviklinga av azolresistens i Noreg. Denne kunnskapen trengs for å kunne ta kloke avgjerder for å halde resistensnivået så lågt som mogleg. Dette krev samarbeid mellom fleire ulike sektorar.

Aspfumigatus fungus soppen under mikroskop
Verdas helseorganisasjon (WHO) har mellom andre organismar vald ut soppen Aspergillus fumigatus som ein sopp som kan utgjere ein helsemessig trussel framover. For folk med svekka immunforsvar kan soppen gi infeksjonar som må behandlast. Slik ser soppen ut under eit elektronmikroskop. Foto: Jannicke Wiik-Nielsen, Veterinærinstituttet

– Azolresistens angår fleire område, og i det vidare arbeidet må me ha eit éin helse-perspektiv. Det betyr at me må sjå den viktige samanhengen mellom menneskehelse, dyrehelse og miljøet rundt. Det handlar mellom anna om at me må ta i betraktning alt me bruker azoler til, og undersøke hotspots for resistensutvikling, og korleis resistensen spreier seg vidare, utdjupar seniorforskaren.

Les hele saka på NIBIO sine sider

 

 

Del artikkel