Ny risikovurdering om Listeria i mat for gravide

Denne saken er eldre enn to år

Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) har gjort ei risikovurdering av Listeria i mat. Vurderinga gjev grunnlag for revisjon av råd til gravide og andre utsette grupper om mat dei bør unngå, og effekt av risikoreduserende tiltak dei kan gjera. 

Taran Skjerdal på Veterinærinstituttet har leia arbeidet og la fram rapporten på eit ope møte 13. juni. 

-Det er gjort ei rekke risikovurderingar av Listeria i mat både i Noreg og internasjonalt tidligare. Det spesielle med denne er at vi har vurdert om Listeria kan vekse opp til konsentrasjonar i matvarene som aukar risikoen for listeriose hjå utsette forbrukargrupper. Dette har avdekka at nokon produkt som no står på risikolista har listeriakonsentrasjoner langt under faregrensa for utsette grupper tidleg i holdbarheitstida. Dette er vel å merke med utgangspunkt i dei kriteria og modellane vi har lagt til grunn i vår vurdering, sier Taran Skjerdal.

På oppdrag frå Mattilsynet

VKM har gjort risikovurderingen på oppdrag frå Mattilsynet. Bakgrunnen for oppdraget er at Mattilsynet skal oppdatera helseråd om Listeria monocytogenes. Listeriabakterien kan gje sjukdomen listeriose. Listeriose kan overførast frå mor til foster under graviditet og medføra livstruande sjukdom hos fosteret. Både forbrukarar og bransje kan gjera risikoreduserende tiltak og valg, særlig knytt til kva for lagringstid og temperatur av mat.

- Eit enkelt grep er at gravide med fordel kan overlate til andre å eta matrester som har stått i kjøleskåpet nokon dager. Dette er fordi vaksne, normalt friske forbrukarar tåler mykje meir Listeria enn fosteret til den gravide gjer, understrekar Skjerdal.

VKM har vurdert ei lang rekkje varer innan fire matvareprodukt: fiske- og sjømatprodukter, kjøttprodukt, mjølkeprodukt og vegetabil. Vegetabil omfattar frukt, bær, grønnsaker, poteter, nøtter, frø og kornprodukt.

Vurderinga med konklusjonar er presetnert på VKM sine nettsider (lenke til VKM).

-Det har vore interessant og moro å arbeide med vurderinga. Prosjektgruppa representerer betydeleg ekspertise og erfaring innanfor alle matsegment, mikrobiologi og foredling av mat. Vi har tilpassa metodikken til kvart matsegment ut frå kor mykje informasjon som er tilgjengelig om dei, i kva for trinn frå (f)jord-til-bord Listeria mest sannsynlig blir tilført maten, kor raskt bakteria veks i maten, osv. Det har vore ein utviklande prosess der kunnskap om korleis mat blir handtert i praksis har vore like viktig som mikrobiologisk kunnskap, sier Skjerdal.

Grunnlag for nye helseråd

Vurderinga er ein del av grunnlaget for revideringa av myndighetene sine råd til utsette grupper. Det er ikkje gitt at konklusjonane i vår vurdering blir følgt, seier Taran. Den viser kva for matvarer som kan få så store konsentrasjonar av Listeria at utsette forbrukarar kan få listeriose, og berre det. Vurderingar av kva som er lurt å eta frå et ernæringsmessig synspunkt er ikkje teke med i vår vurdering, sier hun.

-Det er opp til myndighetene å avvega ulike hensyn. Dei har rolla som risikohåndterarar medan VKM har rolla som risikovurderar. Det kjennest iblant som om vi er bivirkningsnemnda for mat. Nokon vil kanskje kalle oss festbrems for innovasjon siden vi stadig kjem med «ja, men» innvendingar til ellers gode idear. Likevel er det viktig at både bransjen, myndigheitene, forbrukarane, VKM og Veterinærinstituttet har eit felles mål om at mat skal gje matglede, vera god og næringsrik, og ikkje noko ein berre skal unngå å bli sjuk av, sier Skjerdal.

Listeriaforskninga på Veterinærinstituttet stoppar ikkje med denne vurderinga. Det er mykje man ikkje veit om tilsynelatande enkle ting som kor raskt ei bakterie veks og overlever i ulike matvarer. Man veit at den veks, men når ein skal trekke grensa mellom forhold som gjev tilstrekkeleg trygg mat og ikkje lenger trygg mat, må det modellar og nøyaktige analysemetoder med sensitivitet i rett konsentrasjonsområde til.

-Dette er ikkje hyllevare, men vi har spennande ting på gang. På den andre sida kjem nye verktøy for typing og karakterisering av bakterier i mat, folk og dyr stadig sterkere inn i forskinga. Kombinasjonen av tradisjonell og ny metodikk gjev mogelegheiter til å studere ting vi før ikkje kunne. Det er i det heile ei spennande tid å arbeide med forsking i, avslutter Skjerdal.

VKMs nettmelding om risikovurderingen.

Listeria helseråd – spørsmål og svar.

VKMs rapport “Listeria monocytogenes – vurdering av helseråd til gravide og andre utsatte grupper”.

Les mer om Listeria.

Les mer om listeriose på Folkehelseinstituttets sider.

 

Del artikkel