Listeria påvist i rakfisk

Veterinærinstituttet har påvist Listeria monocytogenes i ein butt av rakfisk som blei sendt over frå Mattilsynet i forrige veke. Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet og Folkehelseinstituttet om funnet av bakterien i rakfisken.

- Konsentrasjonen av Listeria moncytogenes i rakfisken er så høg at det er risiko for listeriose både for utsette og normalt friske personar. Tilsvarande høge konsentrasjonar vart funne i listerioseutbrotet med rakfisk siste vinter, fortel Taran Skjerdal, seniorforskar i matbakteriologi ved Veterinærinstituttet.

Rakfisk kan bli forureinsa på fleire stader i produksjonen, mellom anna i fisken før raking, ved omlegging, eller ved pakking og annan handtering av fisken etter at den er ferdig raka.

Listeria kan vekse i rakfisk

- Utfrå forsking her på Veterinærinstituttet veit vi at Listeria kan oppformeire seg raskt i sjølve produksjonsprosessen av rakfisk. Rakeprosessen frå nedlegging i lake til ferdig produkt tek lang tid, dvs månader. God produksjonshygiene er derfor svært viktig for rakfisk. Om fisken først er forureinsa, har bakteriene tid til å formeire seg til høg konsentrasjon sjølv i ei uopna pakke ved normal kjølelagring. I slike tilfelle er god kjøkkenhygiene ikkje nok for å unngå sjukdom frå bakterier i rakfisk, men god kjøkkenhygiene er viktig for å hindre smitte frå rakfisken over til andre matvarer.

Veterinærinstituttet stør Mattilsynet med diagnostikk og rådgjeving i det vidare arbeidet i saka.

Om sjukdomen Listeriose

Listeriose er ein sjeldan, men alvorleg sjukdom som hovudsakleg råkar gravide, eldre med svekka helsetilstand og andre personar med nedsett immunforsvar.

Listeria smitter oftast gjennom matvarer som ikkje blir varmebehandla før dei vert etne. Dette gjeld særleg matvarer som rakfisk som ein kan lagre lenge kjøleg, men andre varer som modna ost, røykt og grava fisk og kjøtpålegg er også rekna som risikoprodukt dersom dei har vore lagra lenge. I nokon matvarer kan Listeria vekse svært raskt, t.d i varmebehandla kjøtprodukt utan konserveringsmiddel. I slike tilfelle aukar konsentrasjonen av Listeria raskt. Fleire av risikoprodukta er populære som julemat. Inkubasjonstida er sterkt varierande frå 24 timar til opp til tre månader.

For meir informasjon om funn av Listeria i rakfisk, sjå pressemelding frå Mattilsynet.

Nasjonalt referanselaboratorium

Veterinærinstituttet har rolla som nasjonalt referanselaboratorium for listeria frå fôr, dyr og mat.

Kontaktperson

Taran Skjerdal

Seniorforsker
Mobilnr: +47 41503650
E-post: taran.skjerdal@vetinst.no

Del artikkel