Her skal elg, hjort og villrein som felles under jakta testast for skrantesjuke i 2022

Denne saken er eldre enn to år

Kartleggingsprogrammet for skrantesjuke (CWD) held arbeidet fram med å kartleggja førekomst og geografisk utbreiing av dei ulike typane av sjukdommen. Kommunane og villreinnemdene har ansvaret for å bestilla og sørgja for at prøvetakingsutstyr blir tilgjengeleg for valdsansvarlege og jegerane under jakta til hausten.

Kommunar som inngår i jaktkartlegginga for elg og hjort

Elg og hjort som er to år og eldre, og som felles under jakt, skal testast for skrantesjuke i følgjande område:

Hardangervidda- og Nordfjellaregionen: Bykle, Rollag, Suldal, Tinn, Ullensvang, Hemsedal, Ål, Hol, Vinje, Voss, Nore og Uvdal, Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre, Vang, Eidfjord, Ulvik, Aurland, Lærdal, Årdal, Gol og Nesbyen.

Selburegionen: Trondheim, Malvik, Selbu, Tydal, Meråker og Stjørdal.

Viltbehandlingsanlegg: Det skal takast skrantesjukeprøver frå alt hjortevilt som er to år og eldre og som blir leverte til eit viltbehandlingsanlegg. Dette gjeld alle kommunar i Noreg. Hovudet på slaktet skal følgja med inn til anlegget dersom ein kompetent jeger ikkje har undersøkt og teke prøve av slaktet på førehand.

Område som inngår i kartlegginga for villrein

Det skal takast skrantesjukeprøver frå eit år og eldre villrein som blir felt under jakt i alle villreinområde i Noreg.

Kven har ansvar for å ta prøver og registrera felte dyr?

Det er jeger eller jaktlag som skal ta prøver av dyret og senda dei til Veterinærinstituttet for analyse.

Mattilsynet har ansvaret for prøvetakinga ved viltbehandlingsanlegga dersom det ikkje er teke prøve av dyret på førehand.

Eg/jaktlag skal alltid registrera felte dyr og skrantesjukeprøva i Hjorteviltregisteret eller i appen Sett og skote, same kven som tek prøva. I Hjorteviltregisteret kan du òg finna svar på prøva ved å søkja opp merkelappnummeret.

Rettleiing om prøvetaking og registrering av data finst her.

Bestilling av prøvetakingsutstyr

Kommunane og villreinnemndene har ansvaret for å bestilla og dela ut utstyr til valdsansvarlege og villreinutval.

Veterinærinstituttet har opna ein nettbutikk for bestilling av prøveutstyr på www.utstyrsbestilling.no. Vel ønskt prøveutstyr, skriv inn adressa, og vel levering. Bestilling er framleis kostnadsfritt. Me oppmodar dei som bestiller jamleg til å oppretta brukarkonto. Då kan de lagra adresser og følgja ordreflyt. Sjå på info-sidene til nettbutikken for rettleiing.

Ta kontakt med Veterinærinstituttet på e-post utstyr@vetinst.no eller på telefon 95 78 75 94 dersom du har spørsmål. Den tidlegare e-postadressa utstyrsbestilling@vetinst.no blir ikkje lengre rutinemessig lest.

Prøver

Det skal takast prøve av hjerne og bakre svelglymfeknutar frå alle dyr som skal testast. Dersom uttak av lymfeknute er umogleg, skal hjerneprøva likevel sendast til Veterinærinstituttet for analyse.

Informasjon om korleis ein tek ut prøve av hjerne og lymfeknutar.

Jegerar kan alternativt levera hjortevilthovud på kontorstadene til Mattilsynet og få hjelp til prøvetaking og sending.

I nokre kommunar skal det i tillegg sendast inn kjevar frå elg og hjort som felles under jakt, for aldersfastsetjing. Dette kjem det eigen informasjon om til dei aktuelle kommunane.

Prøver frå fallvilt skal takast i heile Noreg

Det skal takast skrantesjukeprøver frå alle eit år og eldre fallvilt av elg, hjort, rådyr og villrein i heile Noreg. For fallvilt skal kommunen eller ettersøkspersonell registrera dyret, skrantesjukeprøva og merkelappnummeret i Hjorteviltregisteret eller fallviltapp.

Det nasjonale kartleggingsprogrammet for skrantesjuke blir drifta av NINA og Veterinærinstituttet på oppdrag frå Miljødirektoratet og Mattilsynet.

Del artikkel