Framleis fugleinfluensa hos villfugl

Det har vore mykje fugleinfluensasmitte hos viltlevande andefuglar i Europa gjennom vinteren. Den rekordhøge førekomsten har òg prega ville fuglar i Noreg.

Svanar og endar symjar saman på vatn
I Noreg har det særleg vore svaner som har vore ramma av fugleinfluensa. Funna er gjorde i store delar av landet. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Veterinærinstituttet melder i ein ny rapport at talet på påvisingar av fugleinfluensa av typen H5N1 hos villfugl i Noreg har minka dei siste vekene. Den same tendensen ser ein i Europa, sjølv om fugleinfluensasmitte framleis blir påvist. Veterinærinstituttet minner om at godt smittevern framleis er viktig for fjørfe og fuglar i fangenskap for å redusere sjansane for smitte frå villfugl.

Nye funn blant svaner

– I Noreg har det særleg vore svaner som har vore ramma. Vi har òg påvist smitte hos enkelte gjess, endar, måkar og rovfugl. Funna er gjorde i store delar av landet, inkludert Trøndelag, Austlandet, Sørlandet og Vestlandet, seier fugleinfluensakoordinator og seniorforskar i virologi ved Veterinærinstituttet Ragnhild Tønnessen.

Mange viruspåvisingar blant villfugl og den store geografiske utbreiinga, tyder på at det har vore stor smitte gjennom vinteren. Dei fleste funn er gjorde hos fuglar som lever nær ferskvatn, i kystområde og i befolkningstette strøk der fugl samlast. Ikkje alle fuglane har vist sjukdomsteikn.

–  Denne våren er det framleis smitte blant overvintrande fuglar, samtidig som trekkfuglane vender tilbake. I mars har vi påvist fugleinfluensa hos svaner i Rogaland og Agder, seier Tønnessen.

Veterinærinstituttets overvaking stadfestar at det er den same virusvarianten som har dominert i Europa og Noreg sidan i fjor haust. I Europa har villfuglar, og då spesielt andefuglar og traner, i tillegg til fjørfe og pattedyr, vore ramma.

Les meir hos Veterinærinstituttet om fugleinfluensa hos svaner.

Ved mistanke om smitte med fugleinfluensa hos fuglar og andre dyr, skal Mattilsynet varslast. 

Stabil situasjon i norske fjørfebesetningar

Mange europeiske land har hatt fleire utbrot i fjørfebesetningar i løpet av vinteren. I Noreg har det derimot ikkje vore utbrot i kommersielt fjørfehald sidan september, trass i mykje smitte blant villfugl.

– Dette tyder på at norske fjørfeprodusentar har hatt eit godt smittevern gjennom vinteren. Det er framleis viktig å halde oppe dette framover sjølv om smittepresset i villfuglpopulasjonen ser ut til å minke, seier Tønnessen.

Les Mattilsynets råd om smittevern i fjørfehald og hos hobbyfjørfe

Ingen nye påvisingar hos pattedyr i Noreg

I Europa har det vore rapportert om ein liten auke i talet på påvisingar av fugleinfluensa hos enkelte pattedyrartar. Det har vore flest påvisingar hos viltlevande rovdyr, men smitte er òg påvist hos enkelte kattar. Det er ikkje gjort nye funn hos pattedyr i Noreg sidan september i fjor då virus av typen H5N5 blei påvist hos ein fjellrev på Svalbard.

I januar blei det for første gong i Europa påvist antistoff mot fugleinfluensa hos ei mjølkeku i Nederland. Påvisinga blei gjord etter at ein sjuk katt som hadde opphalde seg på garden fekk påvist fugleinfluensa.

Funnet tyder på at kua har vore eksponert for fugleinfluensaviruset som sirkulerer blant villfugl i Europa. Det er ikkje teikn til vidare spreiing blant besetningar i Nederland, men fleire undersøkingar går føre seg for å kartleggje dette.

Les meir hos Veterinærinstituttet om påvisinga av antistoff hos mjølkeku i Nederland.

Uføreseieleg utvikling framover

Tønnessen seier vidare at det er usikkert korleis situasjonen vil utvikle seg i vår og sommar. Både overvintrande fugl og trekkfugl kan bidra til vidare spreiing, men vanlegvis minkar talet på påvisingar blant andefuglar utover våren.

– Alle som har fjørfe og fuglar i fangenskap må ta høgd for at smitte framleis vil sirkulere blant villfugl her til lands utover våren og sommaren. Trekkfuglane vil òg kunne påverke utviklinga av smittesituasjonen framover, forklarer Tønnessen.

– Dei kan både ha med seg smitte, og dessutan plukke opp smitte og spreie det til nye område. Utover sommaren er det som regel sjøfugl som blir ramma. Vi tilrår derfor å auke vaktsemd og beredskap for utbrot i sjøfuglkoloniar framover, understrekar ho.

Les heile statusrapporten her.

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for aviær influensa og har PCR-diagnostikk og heilgenomsekvensering tilgjengeleg for påvising og karakterisering av fugleinfluensavirus.

Veterinærinstituttet overvaker fugleinfluensa som ein del av grunnaktiviteten sin. I tillegg deltek Veterinærinstituttet saman med Folkehelseinstituttet i prosjektet One Health for Surveillance (OH4S). Prosjektet er finansiert av EU. Eit av måla med OH4S er å styrkje overvakinga av fugleinfluensa hos ville fuglar for betre å kunne vurdere risikoen for smitte til menneske. Les meir på Veterinærinstituttets nettsider.

Smitte av fugleinfluensa til menneske er svært sjeldan og krev nær kontakt med sjuke eller døde dyr. Risikoen for befolkninga blir vurdert som svært låg.

Råd for å førebyggje smitte med fugleinfluensa til menneske finst på Folkehelseinstituttets nettsider.

Les VKMs formidling av EFSAs vurdering av fugleinfluensa i Europa