Fleire prøver avgjerande for å kartleggja førekomst av CWD

I 2022 vart 17 584 hjortedyr testa for skrantesjuke. Veterinærinstituttet og NINA har samarbeidd om å utføra det praktiske arbeidet på oppdrag frå Mattilsynet og Miljødirektoratet.

Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease – CWD) vart påvist i Noreg våren 2016, og sidan då er det brukt mykje ressursar på kartlegging.

-Målet er å kartleggja førekomst og geografisk utbreiing av klassisk og atypisk skrantesjuke. Dette er nødvendig for at forvaltninga skal kunna setja i verk gode tiltak for å avgrensa eller nedkjempa denne sjukdommen, seier seniorforskar og CWD-koordinator ved Veterinærinstituttet Jørn Våge.

- Den omfattande overvakinga gjer at me no med rimeleg tryggleik veit at CWD ikkje er utbreidd med høg førekomst blant hjortedyr i Noreg, samtidig som det er svært sannsynleg at smitta dyr finst på Hardangervidda. Framleis prøvetaking er heilt avgjerande for å kartleggja eventuelt låge førekomst av sjukdommen, fortel han.

I overvakingsprogrammet for kartlegging og overvaking av skrantesjuke (CWD) i 2022 kjem det fram at totalt i perioden 2016-2022 er klassisk CWD påvist hos 21 villrein og atypisk/sporadisk CWD er påvist hos 11 elgar og tre hjortar.

→ Les heile rapporten her.

→ Les meir om CWD her.

Sjå nettmelding frå NINA her.
Sjå rapport samandrag frå Mattilsynet her. 

Del artikkel