Ein ny sommar med svolt og død for elgkalvane?
Veterinærinstituttet forskar på kvifor elgkalvane er små og svake og ofte dør. I år har det vore kjøligare enn dei siste åra. Får elgen det då betre eller verre?
I store delar av landet ser vi at talet på elgkalvar per elgku som blir observert under jakta søkk for kvart år. Elgkalvane som blir skotne under jakta blir òg mindre og mindre av vekst. For å få meir kunnskap om kvifor elgkalvane er få og små, starta Veterinærinstituttet opp prosjektet Elgkalven Trampe i 2024.
– Litt rart!
I prosjektet samarbeider viltforskarane med eit korps av «Trampe»-kontaktar som sørgjer for at elgkalvar avliva på grunn av sjukdom eller funne døde blir sende til obduksjon eller undersøkte så grundig som mogleg i felt. Etter to år med Elgkalven Trampe er 124 kalvar undersøkte. Hovudfunnet er at dei døde kalvane er små og magre. Sjølv om magane og tarmane til elgkalvane ser ut til å vere fulle av fôr, har dei ikkje noko feitt på kroppen og lite utvikla muskulatur. Ifølgje forskarane ser dei ut til å ha døydd av underernæring i kombinasjon med tilfeldige infeksjonar.
– Dette er jo litt rart. Når ein ser seg rundt i skogen, så skulle ein tru at dei fleste elgkalvane burde ha høve til å få i seg nok mat til å ikkje svelte i hel, spesielt når dei får energi- og proteintilskot i form av mjølk frå elgkua, seier viltveterinær Bjørnar Ytrehus ved Veterinærinstituttet.
– No viser beitetakseringane gjort av NIBIO og andre at det mange stader er mindre beite tilgjengeleg enn det ser ut som, men at det skal vere så ille at kalvane svelt i hel på sommaren, hadde eg ikkje trudd, understrekar han.
Varmestress, fôr-endringar eller meir sjukdom?
Forskarane arbeider ut frå tre moglege årsaker eller hovudteoriar. Elgkalvane kan bli underernært av at både dei og elgmora blir for varme. Då kan dei prioritere kvile og avkjøling i vatn og skyggje, framfor å beite. Appetitten blir dårlegare, og mjølkeproduksjonen til mor går ned samtidig som energiforbruket til elgkalvane aukar med auka kroppstemperatur.
Den andre moglegheita er at tidlegare vårsesong gjer at plantar spirer tidlegare enn før, og at elgkalvane då kjem for seint til å få god nytte av perioden då fôrplantane har optimale nivå av energi og protein. Det kan gjere at elgkalvane må nøye seg med næringsfattig og fiberrik mat, og ikkje får i seg nok næring i ei sårbar tid. Den tredje teorien er at auka førekomst av sjukdom, spesielt dei som er forårsaka av parasittar eller overført med flått, gjer at elgkalvane blir sjuke og/eller veks dårleg.
Giardia og Anaplasma
Veterinærinstituttet har funne at svært mange av kalvane er infiserte med smittestoff frå den eincella parasitten Giardia og den flåttoverførte bakterien Anaplasma phagocytophilum. Giardia legg seg på innsida av tarmane til elgkalven.
-Frå andre dyreartar veit vi at giardia-infeksjonar kan gi lågare tilvekst og at Anaplasma kan gi dårlegare immunforsvar. Det finst likevel mange variantar av både Giardia og Anaplasma, og det kan tenkjast at effekten på elgkalvane avheng av kva variant dei blir infiserte med. Éi moglegheit er at andre artar, til dømes hjorten, fører med seg nye variantar av smittestoffa, som elgen toler dårleg, forklarer Bjørnar Ytrehus.
Gir våren 2026 ein god eller dårleg start?
I mai og hittil i juni har det vore ganske kjøleg samanlikna med same periode i 2024 og 2025. Medan mai 2024 var svært varm og mai 2025 var både tørr og varm, i alle fall austanfjells, har mai 2026 vore ganske normal, om enn litt tørr, og juni ganske normal med skiftande vêr og ein del regn.
– Dette kan ha påverka både det varmestresset elgen opplever, næringsinnhaldet i plantane elgen et og førekomsten av smittestoff. Det blir dermed spennande å sjå om det blir funne like mange døyande og døde elgkalvar i år som i fjor og forfjor, og det blir spennande å sjå kva slags tilstand dei då er i, seier viltveterinæren.
Ytrehus forklarer at betre kunnskap om kva som gjer elgkalvane sjuke, kan gjere oss i stand til å betre forholda. Om dei til dømes treng skuggefullt beite nært vatn å rømme til på spesielt varme dagar kan skogbruket leggje til rette for det. Om dei treng meir høgkvalitetsbeite som utviklar seg seint, kan skogbruket spare slikt beite i nordvende lier. Om det er sjukdommar som smittar frå ein annan art til elgen, kan ein måtte velje kva art ein ønskjer i skogen sin.
Meld frå om du ser sjuk eller død elgkalv
Om du ser sjuke elgkalvar, skal du varsle den kommunale viltforvaltninga, eller ringje politiet på telefon 02800. Viltforvaltarane kan kontakte Trampe-kontaktane i sitt område. Finn du ein død elgkalv, kan du sjølv ta kontakt med Trampe-kontakten nærmast deg. Prosjektet har kontaktpersonar i fylka Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus, Østfold, Innlandet, Trøndelag (Fosen) og Troms. Sjå prosjektsida om Elgkalven Trampe for meir informasjon.