Årsrapport 2021

Denne saken er eldre enn to år

Årsrapporten til Veterinærinstituttet for 2021 er no publisert. I denne kjem det fram at den aller viktigaste hendinga for instituttet i 2021 var flyttinga frå Adamstuen i Oslo til nye lokalitetar på Ås.

Dei nye fasilitetane på Ås skal gjere Veterinærinstituttet betre i stand til å løyse samfunnsoppdraget. Gleda over å  endeleg få kome på plass og ta i bruk nye lokaler og nytt vitskapeleg utstyr er stor, sjølv om BSL3-laboratoriet framleis ikkje er ferdigstilt. Årsrapporten syner at flyttinga har vore gjennomført utan tap av fagleg aktivitet og alle diagnostiske metodar er no re-akkreditert. Eit høgdepunkt i 2021 var besøket av H.M. Dronning Sonja under opninga der óg tre statsrådar frå Solberg-regjeringa bidrog til markeringa. Ei anna viktig hending er utnevninga av ny administrerande direktør i 2021.

«Vi håper no at dei nye lokala vil gje oss moglegheit til å bli endå betre i å sikre Veterinærinstituttet sitt mål om å hindre at sjukdommar dukkar opp og spreier seg hjå dyr, fisk, menneske og i mat og fôr», skriv styreleiar Hanne Maren Blåfjelldal og adm.dir. Torill Moseng i leiars skildring av året som gjekk.

Sjå årsrapporten for 2021 her.

Del artikkel