Viktig rolle for internasjonale retningslinjer

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet spelar ei viktig rolle for utforming av internasjonale retningslinjer for risikovurdering av bakterien Listeria i ferdigmat. Den internasjonale gruppa for Listeria i “ready-to-eat” produkt har lagt sitt møte til Veterinærinstituttet i Oslo på 18. og 19. mai.

Gruppa har utspring i det europeiske referanselaboratoriet for Listeria (ANSES i Frankrike) og nasjonale referanselaboratorier for Listeria frå eit titals land. Gruppa sitt arbeid er eit viktig grunnlag for europisk lovgjeving på matområdet.

Matlova set krav til produsentar av ferdigmat (også kalla “ready-to-eat” og” ready-to-heat” produkt) om at dei skal risikovurdere produkta sine for bakterien Listeria monocytogenes i ferdigmat. Dette byr på utfordringar både for myndigheiter, produsentar og laboratorier både fordi risikoen må vurderast på ein annan og meir nyansert måte enn tidlegare, og fordi ein i tillegg til produkta sjølv må ta omsyn til forholda ved distribusjon heilt fram til forbrukaren.

Treng betre retningslinjer
Gruppa har tidlegare laga retningslinjer for korleis vurderingane skal gjerast. Desse retningslinjene har hjelpt eit stykke på veg, men har vist seg ikkje å vera nok. Det er fordi laboratorieforsøka består av ein vurderingsdel og ein praktisk utføringsdel. Dei fleste laboratorier i Europa kan utføre forsøka, men berre få kan, per i dag, gjera vurderingane som trengst. Arbeidsgruppa arbeider no med å setja opp ein “kravspesifikasjon” til laboratorier som skal utføre slike testar, og det er det som er temaet for møtet på Veterinærinstituttet.

I tillegg til å delta i arbeidsgruppa har Veterinærinstituttet saman med Nortura vurdert 24 produkt for vekst av Listeria.  Studiet er eit av dei første som bruker dei internasjonale retningslinjene, og er slik ein prøvestein i europeisk samanheng. Studiet viste at retningslinjene som er utvikla er svært nyttige, men også at Mattilsynet må setja nokon rammer, og næringsaktørar må gjera valg, for at risikovurderinga skal bli nyttig.

Desse erfaringane ynskjer den internasjonale arbeidsgruppa å ta med i vidare utvikling av retningslinjene. På møtet vil derfor både Mattilsynet og Nortura koma og gje innspel til arbeidet vidare.

- Det er gjevande og interessant å få arbeide med saker som har direkte betydning for internasjonal lovgjeving på matområdet, og inspirerande å sjå at erfaringar frå forskinga vår kan medverke til at retningslinjene skal bli nyttige og rettferdige for næring, matmyndigheiter og forbrukarar, seier forskar ved Veterinærinstituttet, Taran Skjerdal. Ho skal også legge fram deler av studia som er gjort, på Veterinære fagdager 21. mai.

Skjerpa for Listeria
Regelverket for matproduksjon har vorte forenkla på mange områder dei siste åra, men for bakterien Listeria monocytogenes er det skjerpa. Dette gjeld spesielt for ferdigmat. Årsaka til det er auke i talet listeriosetilfeller siste 10 år, og meir bruk av ferdigmat er sett på som ei av årsakene.

Listeriose er ein sjelden men svært alvorleg sjukdom som skuldast bakterien Listeria monocytogenes. Antallet tilfeller i Europa har stege dei siste 10 år. Internasjonalt regelverk har fokus på Listeria i ferdigmat, då ein går ut frå meir bruk av ferdigmat (ready-to-eat og ready-to-heat) er ei av årsakene til auken i talet listeriosetilfeller.

Gå til European Union Reference Laboratory for Listeria monocytogenes

Les mer om Listeria i Veterinærinstituttets faktaark

Kontaktpersonar Veterinærinstituttet
Taran Skjerdal

Kofitsyo S. Cudjoe

Del artikkel