Det var 1. november at Mattilsynet sitt distriktskontor for Nord-Gudbrandsdal fekk melding frå Veterinærinstituttet om mogleg salmonellasmitte hos ein kalv i eit dyrehald på Dovre. Dyrehaldet hadde hatt diareproblem på kalv siden midten av oktober, 14 kalvar har vore sjuke og to døydd.
Fredag 2. november vart bakterien Salmonella Typhimurium verifisert av Veterinærinstituttet i Oslo. Bakteriestammen er motstandsdyktig mot fleire antibiotika og er særs sjelden i norsk fauna.
Bandlegging
På grunnlag av mistanken om salmonellasmitte, valde Mattilsynet 1. november å bandleggje dette dyrehaldet. Restriksjonane inneber mellom anna at dyrehaldet vert halde isolert, og er ikkje tilgjengeleg for uvedkommande. Det er dessutan forbode å føre dyr inn og ut av dyrehaldet.
Etter at salmonellasmitte vart påvist på kalven, har det også vorte teke ut avføringsprøver av dei andre dyra på garden. Resultata frå desse prøvene er ikkje klare.
Restriksjonane vert i utgangspunktet oppheva når alle dyr er testa med negativt resultat i to påfølgjande testar med minimum 30 dagar imellom. Både slakteri, meieri, praktiserande veterinærar og smittevernlege er varsla om funnet.
Moglege kontaktbesetningar er kartlagde. Desse blir vidare undersøkte for å sjå om fleire besetningar kan vera smitta.
Fakta om Salmonella:
· Salmonellose er ein zoonose, dvs. ein sjukdom som kan smitte frå dyr til menneske. Det finst over to tusen ulike variantar av salmonellabakteriar. Dei fleste kan gje sjukdom hos mange artar, også menneske.
· Det vanlegaste symptomet er diaré. Av og til, og då i hovudsak hos svært unge, gamle eller svekka individ, kan sjukdommen opptre meir alvorleg, og i sjeldne tilfelle kan det førekome dødsfall.
· Friske smitteberarar finst både hjå dyr og menneske. Bakterien vert skild ut med avføring. Dei viktigaste måtane menneske vert smitta på, er gjennom ureina mat og vatn i tillegg til kontakt med infiserte dyr eller menneske. I nokre land er fôret viktig smittekjelde for dyra.
· Salmonella er ein meldepliktig gruppe B sjukdom etter Matlova.
Les Faktaarket om Salmonella og salmonellose
Kontaktperson Veterinærinstituttet
Bjarne Bergsjø, forsker
Seksjon for bakteriologi
E-post: bjarne.bergsjo@vetinst.no
Tlf: 23 21 63 21
Kontaktperson i Mattilsynet
Seniorinspektør ved DK for Nord-Gudbrandsdal
Hans Petter Schwencke,
tlf. 61234629 / 61234600 / 91547911