Ulv alvorleg angrepen av skabb

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har stadfesta at ulven som blei avliva i Enebakk i januar, hadde skabb. Han var alvorleg angrepen av sjukdommen og 40-50 % av kroppsoverflata mangla pels. Varmetapet i den sterke kulden har truleg vore stort og dyret har lidd.

- Grovt sett kan vi seia at om lag halve kroppen var fri for pels og det var eit trist syn, seier viltpatolog Turid Vikøren som obduserte ulven ved Veterinærinstituttet i samarbeid med rovdyransvarleg Knut Madslien. 

Obduksjonen viste at ulven i tillegg var fullstendig avmagra. Skabbendringane i huda likna det vi ser ved skabb på rev, ved at halen var sterkt angrepen med store skorpedanningar på huda ved halefestet. Elles var bakre og nedre del av kroppen inkludert alle føtene affisert, men det var ikkje så store skorpedanningar som vi ofte ser på rev. Pelsen var stort sett intakt på hovudet
og på fremre del av ryggen og brystet. Som ein fylgjetilstand hadde ulven infeksjon i huda med streptokokkar og stafylokokkar.

Velkjent hjå raudrev
Skabb årsaka av midden Sarcoptes scabiei er velkjent hjå raudrev. På slutten av 1970-talet og 80-talet vart raudrevbestanden i Norge kraftig redusert på grunn av denne sjukdommen. Skabb blir sporadisk påvist hjå ulv i Skandinavia og dette er fyrste gang skabbmidden er påvist i ein norsk ulv. 

Det var parasittolog Inger Sofie Hamnes som påviste skabbmidden i hudprøvar frå ulven.

- I mikroskop såg eg at det var rikeleg med liv mellom hudskorpene, og eg fekk fin biletdokumentasjon på dette, sier Hamnes. 

Smitte ved direkte kontakt mellom dyr
Sarcoptes-midden er rund med korte føter og har piggar bakpå ryggen. Middane er små - dei vaksne er mellom 0,1 og 0,6 millimeter lange. Homidd grev gangar i overhuda der den legg 1-3 egg per dag i opptil to månader. Dette fører til irritasjon og betennelse, som igjen fører til intens kløe. Midd som fell av verten vil under gunstige tilhøve (fuktig og kjøleg) kunne overleva i opptil 2-3 veker, men i praksis overlever dei truleg berre nokre dagar.

Smitte av skabb mellom dyr skjer i hovudsak ved direkte kontakt mellom dyr, men kan også skje ved kadaver-eting (til dømes frå rev til ulv) eller ved indirekte kontakt med smitta materiale i miljøet.

Andre funn avdekka
Obduksjonen avdekka også andre funn. Framtennene og hjørnetennene var godt slitte og den eine hjørnetanna og ei av rovtennene hadde fått seg ein «knekk» bokstaveleg tala, seier Vikøren. Elles hadde den nokre gamle ribbeinsbrot. Ja, ribbeinsbrot er ikkje uvanleg å finna hjå ulv, påpeiker Knut Madslien. Han viser til ein kanadisk studie som synte at ribbeinsbrot var vanleg hjå ulv og særskild blant hannulvane. Mange har truleg blitt sparka i samband med jakt på store byttedyr, som til dømes elg. Veterinærinstituttet har påvist slike ribbeinsbrot hjå fleire norske ulvar tidlegare

Vi sendte prøvar av ulven til Rovdata for DNA analysar, og i fylgje Miljødirektoratet så viser resultat av analysen at ulven var leiarhannen i Østmarka reviret. Vi ser det som ei rett avgjerd at denne ulven vart avliva, avsluttar veterinærane – den var svært sjuk og svekka - det var difor ikkje noko håp om at den kunne bli frisk.

Les og nettmelding fra Miljødirektoratet

Kontaktpersonar

Del artikkel