Ein sau vart sendt til slakt fordi den hadde jurbetennelse og vart tilfelleleg prøveteke. Sauen var av rasen norsk kvit sau og kom frå ein buskap med om lag 100 vinterfôra sauer. Den andre sauen vart funne drukna i ei myr. Denne sauen var òg av rasen norsk kvit sau og kom frå ein buskap med 44 vinterfôra sauer.
Det er funne fire tilfelle av skrapesjuke så langt i år. Alle tilfella har vore av typen Nor98.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade og er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. I tillegg vert eit utval sauer tilfelleleg prøveteke på slakteri. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Les mer om Nor98
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet
Sylvie Benestad