Haren frå Sogn og Fjordane vart funnen ved ein veg i Luster kommune i byrjinga av august. Finnarane trudde haren var påkøyrt og avliva, slaktehandsama og la han i frysaren. I løpet av to veker vart dei to personane sjuke med influensaliknande symptom, store lymfeknutar og utslett/sår på hendene. Tularemi vart stadfesta hjå den eine og begge fekk antibiotikabehandling. Veterinærinstituttet mottok hareskrotten til gransking i slutten av september og diagnostiserte harepest.
Haren frå Åseral kommune i Vest-Agder vart i slutten av september funnen daud av ein harejeger etter å ha gått i los. Jegeren sende difor haren inn til Veterinærinstituttet for laboratoriegransking. Det vart fastslege at haren døydde av harepest.
For å unngå smitte til menneske må ein vera varsam med å handtera daude eller sjuke harar eller smågnagarar, og vera merksam på mogeleg ureining av vasskjelder. Jegerar bør ikkje handtera harar som verkar sjuke og oppfører seg unormalt i los. Hundar og kattar som har vore i kontakt med daudt eller sjukt vilt kan ha bakterien i munnhola og dermed kunna overføra smitten til menneske via sleiking eller bitt, men dette opptrer svært sjeldan.
Harepest (tularemi) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis. Her i landet vert sjukdommen diagnostisert sporadisk hjå hare. Tularemi opptrer oftast i sommarhalvåret og utover hausten. Førekomsten varierar frå år til år og er oftast høgast i smågnagarår. I desse jakttider er det viktig at jegerar og andre som ferdast ute i naturen, er merksame på harar som oppfører seg unormalt (til dømes er lite sky/går seint i los), eller dersom dei finn daude harar.
Tularemi ser ein oftast hjå viltlevande dyr, og haren er spesielt følsam. Haren blir akutt sjuk og døyr vanlegvis av blodforgifting i løpet av få dagar. Også mange smågnagarar kan døy av denne infeksjonen, men dette varierar og nokre kan truleg overleva og fungera som eit smittereservoar i naturen. Kjæledyr og husdyr er vanlegvis lite mottakelege for tularemi.
Kontakt det lokale Mattilsynet på telefon 06040 dersom du observerar sjukt eller daudt vilt.
Sja også informasjon om sjukdommen hos Folkehelseinstituttet
Kontaktpersonar ved Veterinærinstituttet
Turid Vikøren, veterinær/forskar, Seksjon for vilthelse
Tlf. 23 21 63 51
E-post: turid.vikoren@vetinst.no
Berit Djønne, veterinær/seksjonsleiar, Seksjon for bakteriologi
Tlf. 23 21 63 23
E-post: berit.djonne@vetinst.no