Søya på Toten hadde skrapesjuke Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya hadde vore ustø og sjangla i vinter. Det hendte at ho falt over ende, og dersom ho vart stressa, rista ho på hovudet. I vår vart ho blind og mager, og ho vart avliva i midten av mai fordi ho ikkje svara på behandlinga. Søya var av rasen norsk kvit sau. Det er 36 vinterfôra søyer i buskapen.
Søya på Karmøy hadde klassisk skrapesjuke. Søya hadde hatt ukontrollerte rykningar omkring lamming i vår og vart tynn. Ho vart funne daud på beite. Søya var av rasen teksel. Det er 230 vinterfôra søyer i buskapen.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade og er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no
Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no