Søya vart avliva på grunn av sjukdom før lamming. Dyret var magert og hadde lege 5-6 dagar før det vart avliva. Dette er det andre tilfellet med skrapesjuke så langt i 2012. Begge tilfella har vore skrapesjuke Nor98.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Les mer om skrapesjuke Nor98
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet: