Skrapesjuke Nor98 i Sogn og Fjordane

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei fire år gammal søye av rasen norsk kvit sau i ein flokk med 39 vaksne sauer i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.

Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya lamma 5. april og vart undersøkt av dyrlækjar 14. april fordi ho hadde nedsatt matlyst og milde uspesifikke nervøse symptom. Ho vart behandla med penicillin i fleire dager i tilfelle det kunne være eit tidleg stadium av listeriose. Tilstanden var svakt betre, men ved ny undersøking 26. april vart det konstatert at søya hadde tatt av i hold og mista ein del ull. Det vart òg registrert skjelvingar i leppene, og søya vart lett skremt ved plystring og berøring av hodet. Søya vart avliva på grunn av tilstanden og dårleg prognose.

Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Les mer om sykdommen skrapesjuke Nor98 i Veterinærinstituttets faktaark

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no

Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no

Del artikkel