Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya hadde ikkje synt teikn på sjukdom og vart tilfelleleg prøveteke på slakteriet. Dette er det femte tilfellet med skrapesjuke så langt i 2011. Alle tilfella har vore skrapesjuke Nor98.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Les mer om skrapesjuke Nor98 i vårt faktaark
Kontaktpersonar Veterinærinstituttet:
Sylvie Benestad