Skrapesjuke Nor98 i Rogaland

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ein knapt ni år gammal sau i Hjelmeland kommune i Rogaland. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.

Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke.

Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Les mer om skrapesjuke Nor98

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet
Forskar Sylvie Benestad
Forskar Torfinn Moldal

Del artikkel