Skrapesjuke Nor98 i Nordland

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei fire år gammal søye av rasen Norsk kvit sau. Søya kjem frå ei besetning på 12 vaksne Norsk kvit sau i Beiarn kommune i Nordland.

Besetninga har i tillegg 121 vaksne dyr av rasen villsau. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking av normalslakta dyr i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Det påviste tilfellet er av typen Nor98 som også blir kalla atypisk skrapesjuke og som opptrer meir sporadisk enn klassisk skrapesjuke. Søya blei slakta, fordi ho berre fødde eit lam i vår. Ved slakting var både søya og lammet som også blei slakta, i godt hald og viste ikkje teikn på sjukdom.

Dette er det tiande påviste tilfellet av skrapesjuke så langt i år. Mens ni av desse tilfella er Nor98, er berre eitt av typen Klassisk skrapesjuke. Seks av tilfella er oppdaga no i haust i samband med haustslaktinga.

Om småfe som døyr brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 månadar, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. I tillegg vert 10 000 vaksne sauer tilfelleleg prøveteke på slakteriet. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Les mer om skrapesjuke Nor98
Les mer om klassisk skrapesjuke
Se kart over skrapesjuketilfeller så langt i 2009

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no

Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no

Forskar Olav Eikenæs, Veterinærinstituttet Harstad
Telefon: 77 04 15 51
E-post: olav.eikenas@vetinst.no

Del artikkel