Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya har gått på fjellbeite i sommer, og det var ikkje observert teikn på sjukdom før ho vart sendt til slakt og tilfelleleg prøveteke på slakteriet.
Dette er det sjuande tilfellet med skrapesjuke i Noreg så langt i år. Seks av tilfella har vore skrapesjuke Nor98, mens det sjuande tilfellet var klassisk skrapesjuke. Tre av tilfella er påvist i løpet av dei siste ti dagene. Dette må sjåast i samanheng med at haustslaktinga er i gang.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. I tillegg vert 10 000 vaksne sauer tilfelleleg prøveteke på slakteriet. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no
Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no