Skrapesjuke Nor98 i Hordaland

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei fem år gammal søye i ein buskap med om lag 33 vinterfôra søyer i Ulvik kommune i Hordaland. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.

Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya gjekk på heimebeite på grunn av bukbrokk og viste ingen tegn til sjukdom.

Dette er det fjerde tilfellet av skrapesjuke i Noreg så langt i år. Alle tilfella har vore av typen Nor98.

Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Les mer om skrapesjuke Nor98

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no

Seksjonsleiar Anne-Gerd Gjevre, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 29
E-post: anne-gerd.gjevre@vetinst.no

Del artikkel