Skrapesjuke Nor98 i Hedmark og Sør-Trøndelag

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå to søyer frå Os kommune i Hedmark og Oppdal kommune i Sør-Trøndelag. Funna vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.

Tilfella som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya frå Os hadde vore ustø og vart tatt heim frå utmarksbeite i sommar. I forrige veke vart ho sendt til slakteriet kor det vart tatt prøve for undersøking for skrapesjuke. Søya frå Oppdal hadde ikkje synt teikn på sjukdom før ho vart sendt til slakt.

Det er påvist tolv tilfelle med skrapesjuke i Noreg så langt i år. Elleve av tilfella har vore skrapesjuke Nor98, mens eitt tilfelle var klassisk skrapesjuke. Åtte av tilfella er påvist i løpet av dei siste to månadene. Dette må sjåast i samanheng med at haustslaktinga er i gang.

Søya fra Os kom frå ein liten buskap med tolv vinterfôra dyr, medan søya frå Oppdal kom frå ein buskap med om lag 900 dyr.

Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. I tillegg vert 10 000 vaksne sauer tilfelleleg prøveteke på slakteriet. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Les mer om skrapesjuke Nor98

Les mer om klassiske skarpesjuke

Kart over skrapesjuketilfeller så langt i 2009

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no

Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no

Del artikkel