Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya hadde ikkje synt teikn på sjukdom og vart tilfeldig prøvetatt på slakteriet. Dette er det femte tilfelle av skrapesjuke i Noreg så langt i år. Alle tilfella har vore skrapesjuke Nor98. Eitt tilfelle vart påvist hos ein sjøldau sau, medan dei andre tilfella er påviste hos sauer som er sendt til slakt. Ein av desse kom frå ein flokk kor det vart påvist skrapesjuke Nor98 i fjor.
Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.
Les faktaark om sykdommen Nor98/atypisk skrapesjuke
Les mer om overvåkings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke
Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no
Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no