Skrapesjuke Nor98 i Buskerud

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei sju år gammal søye i Ål kommune i Buskerud. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.

Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya hadde ikkje synt teikn på sjukdom og vart prøveteke på slakteriet.

Dette er det fjerde tilfellet med skrapesjuke så langt i 2012. Alle tilfella har vore skrapesjuke Nor98. To tilfelle er påvist hos sjøldaude eller avliva dyr, mens to tilfelle er påvist hjå slakta dyr.

Om småfe som dør brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Les mer om skrapesjuke Nor98

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet
Forskar Sylvie Benestad
Forskar Torfinn Moldal

Del artikkel