Blodmidd – eller raud hønsemidd – er ein blodsugande parasitt hos høner. Han representerer eit stort problem i kommersiell eggproduksjon både i Noreg og elles i Europa.
Når midden først har etablert seg i eit hønehus, er han svært vanskeleg å bli kvitt. Oppvarming av tomme hønehus kombinert med sprøyting med eit midd-drepande stoff (foksim) har gitt svært gode resultat når det gjeld til å utrydde midd i norske hønehus.
Veterinærinstituttet har med støtte frå Fagsenteret for fjørfe leidd eit prosjekt der målet var å optimalisere ein metode for varmesanering av tomme hønehus for raud hønsemidd.
Det vart spesielt lagt vekt på å betre effektiviteten og avgrense skadar som følgje av for høg temperatur. Seks hønehus med burinnreiing vart varma opp til 50–55 °C ved hjelp av propanbrennarar og vifter. Deretter vart husa sprøyta med organofosfatet foksim (Baythion E®). Husa hadde ulik storleik og alder.
Det vart ikkje påvist midd i nokon av dei seks husa den første produksjonsomgangen etter sanering. I det andre innsettet etter sanering vart det rapportert om midd i to av dei seks husa. Det var da gått om lag 20 månader frå saneringstidspunktet.
Det var uvisst kvar denne smitten stamma frå, men det mest sannsynlege er at det var introduksjon av ny smitte utanfrå.
Det vart først og fremst registrert skadar på utstyr laga av plastmateriale. Det vart ikkje registrert skadar på elektriske installasjonar. Bortsett frå i eitt hus vart skadeomfanget vurdert til å vere moderat. Dersom maksimumstemperaturen i dyrerommet ikkje kjem over 60 °C, bør skadeomfanget kunne haldast på eit akseptabelt nivå.
Det er vist at kombinasjonen av varme og foksim er ein effektiv metode for å utrydde midd i tomme hønehus, men kostnadene er høge. Derfor er det svært viktig å hindre at det kjem ny smitte til huset. Da vil ei slik behandling både vere økonomisk og forsvarleg med tanke på tryggleiken.
Vegen vidare må gå i retning av å gjennomføre systematisk sanering i norsk eggproduksjon og sikre at det ikkje kjem midd inn i reine hus. Eit slikt saneringsprogram må omfatte alle ledda i produksjonskjeda, og det er svært viktig å ha kunnskap om korleis midd kjem til nye hus, og ta konsekvensen av det.
Last ned rapporten Sanering av rød hønsemidd (Dermanyssus gallinae) ved oppvarming og foximbehandling av tomme hønsehus.