I år er sjukdommen så langt påvist på småfugl som er funne døde på fôringsplassar i Østfold og Vestfold, og har i hovudsak ramma grønfink. Dei døde fuglane var magre og hadde omfattande betennelse i munn, svelg og matrøyr. Førebels undersøkingar indikerar infeksjon med parasitten Trichomonas gallinae. Sjukdomsutbrot hjå småfugl årsaka av denne parasitten vert òg rapportert frå Sverige og Finland.
Trichomonas gallinae er ein eincella parasitt som er årsak til betennelse i munnhole, svelg og matrøyr (kro) hjå fuglar. Sjuke fuglar får problem med å eta og drikka, og kan døy av avmagring, utturking eller bakterielle følgjesjukdommar. Sjukdommen er velkjent hjå duer (såkalla gul knop) her i landet og blei for første gong påvist hjå småfugl i 2008. Det finst ulike stammer av parasitten som har ulik sjukdomsframkallende evne. Det er så langt uklart om den stamma som gir sjukdom hjå småfugl òg førekjem hjå duer. Parasitten smittar ikkje til menneske eller pattedyr.
Parasitten vert spreidd mellom finkefuglane ved fôringsbrett eller fuglebad. Fugleungane vert truleg smitta når dei vert fôra av vaksne fuglar som ber smitten. Ved utbudd rår vi til å ta pause i fôringa nokre veker og å tømma fuglebad for å redusera smittespreiinga. God handhygiene må utøvast ved handtering av sjuke og døde fuglar og ved reingjering av utstyr.
Veterinærinstituttet vil oppmoda folk som observerar sjukdom og død hjå småfugl om å ta kontakt med laboratoriet med tanke på innsending av fuglar for undersøking. Vi er òg interessert i å undersøka materiale frå duer med gul knop.
Tidligare nyhende om Trichomonas gallinae på www.vetinst.no:
Parasittsykdom hos småfugl (17.07.2009)
Parasitt årsak til sjukdom hos småfugl (08.09.2008)
Kontakt Veterinærinstituttet:
Seksjon for vilthelse
Tlf. 23 21 63 53
E-post: vilt@vetinst.no.