Ei rekkje land har sendt inn søknad til OIE om klassifisering der dei gjer greie for risikovurdering og overvaking av kugalskap. Også Sverige, Finland og Island har fått status som land med neglisjerbar risiko – som er den beste statusen ein kan få.
Veterinærinstituttet og Mattilsynet har samarbeidd om søknaden. Ein har henta inn, samla og lagt til rette informasjon om regelverk, import, dyrehald, slakterutinar, steriliseringsrutinar, fôrproduksjon, overvaking, beredskap og opplæring av involverte aktørar.
– Ei risikovurdering for kugalskap femner om alle ledd i produksjonskjeda, og den største utfordringa har vore å samle informasjon som med fordel kunne bli meir sentralisert, fortel Helga Høgåsen, som har hatt ansvaret for søknaden ved Veterinærinstituttet.
Positivt samarbeid
– Eit godt samarbeid med Mattilsynet og ei positiv holdning frå industrien har vore avgjerande i prosessen. I tillegg har både bønder, veterinærar, industri og tilsyn hatt eit ansvar i handteringa av epidemien som har brote ut i Europa, og fortener ros for at Noreg har enda opp med ein neglisjerbar risiko for kugalskap, seier Helga Høgåsen.
Veterinærinstituttet har tidlegare utarbeidd ei kvantitativ risikovurdering som var lagd ved søknaden til OIE. Vurderinga viser at faren for at vi skal få eit tilfelle av kugalskap i Noreg i dag, er mindre enn 0,03 %. Risikovurderinga blir truleg publisert i det internasjonale tidsskriftet Risk Analysis før slutten av året.
Sverige og Finland har begge hatt eit tilfelle av kugalskap.
– Det er gledeleg å sjå at dei likevel kan få status som land med neglisjerbar risiko for kugalskap, seier Helga Høgåsen. Dei har effektive vernetiltak på plass og har ikkje funne eit einaste nytt tilfelle sjølv om dei undersøkjer alt storfe eldre enn 30 md. for kugalskap ved slakting. Det er viktig å ikkje overdrive faren, no som epidemien har roa seg, slik at ressursar kan brukast til nyttigare tiltak.
Kugalskap i Noreg
Noreg har aldri hatt noko tilfelle av kugalskap. Konservativ politikk på området, der ein mellom er varsam med å importere levande storfe og kjøttbeinmjøl, og vekt på hygienisk behandling av dyrefôr, er årsaka til at Noreg er smittefritt.
– Den positive kategoriseringa av Noreg er ein fordel når det gjeld handel med storfeprodukt, kommenterer Høgåsen.
I 2006 vart det undersøkt over 20 000 storfeslakt og anna storfe i Noreg. Det vart ikkje påvist tilfelle av kugalskap (BSE).
Meir om kugalskap
Faktaark om kugalskap (BSE)
Zoonoserapporten 2006 (pdf)
Kontaktperson ved Veterinærinstituttet
Helga Høgåsen, Seksjon for epidemiologi
Telefon: 23 21 63 64
E-post: helga.hogasen@vetinst.no