Nitrittforgifting hos sau

Denne saken er eldre enn to år

I Hallingdal vart fleire sauer funne døde eller døyande på beite. Dyra hadde brote seg gjennom eit gjerde og fått i seg ensileringsvæske som blir brukt på gras til rundballar. Væska inneheld 19 % natriumnitritt. Dødeleg dose nitritt for sau er 40–50 mg/kg kroppsvekt.

Nitrittsambindingar fører til at kroppen ikkje får nok oksygen fordi jernkomponenten i blodet oksiderer og dermed mistar evna til å transportere oksygen. Tilstanden blir kalla methemoglobinemi og er karakterisert ved at jernkomponenten i hemoglobin blir oksidert frå toverdig jern til treverdig jern. Denne oksideringa av jern fører til at hemoglobinet ikkje lenger kan binde og transportere oksygen i kroppen, og kroppen får for lite oksygen. Hemoglobin med oksidert jern som ikkje kan binde og transportere oksygen, blir kalla methemoglobin.

 

 

Hjerte Sau

Foto: Seksjon for patologi

Obduksjonsfunn
Typiske obduksjonsfunn ved methemoglobinemi er brunleg misfarging av blodet, dårleg blodkoagulering, brunleg misfarga slimhinner og punktforma blødingar i luftrøyret og hjartet. Alle sauene som vart obduserte, hadde brunleg misfarga, dårleg koagulert blod, brunleg misfarging av lungevevet og punktforma blødingar i luftrøyret.
Sauene var elles i godt hold, og det vart ikkje påvist andre organendringar.

 

 

 

Nitrittforgifting sjeldan
Direkte forgifting med nitritt er relativt sjeldan. Det er vanlegare at drøvtyggjarar utviklar methemoglobinemi etter at dei har ete mugna høy eller planter som er ekstra rike på nitrat. I vomma gjer mikrobar nitrat om til nitritt, som igjen gjer hemoglobin om til methemoglobin.

Kliniske symptom ved nitrat/nitritt-forgifting hos drøvtyggjarar er pusteproblem, rask pust, svak puls og etter kvart krampar og koma.

 

Del artikkel