Negativt resultat for selsjuke

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet mottok torsdag ein selunge frå Jeløya, Moss kommune, som vart funne åleine i særs dårlig tilstand og difor avliva. Resultatet frå undersøkingane av selungen synte at han var avmagra.

Det vart ikkje påvist selsjukevirus (Morbillivirus) i organ frå selungen ved molekylærbiologiske undersøkingar.
På vestkysten av Sverige har det i dei seinaste vekene vorte funne fleire sjuke og daude selar, og det er sterk mistanke om at dei har hatt selsjuke, men diagnosen er ikkje stadfesta enno. På øya Anholt i Danmark er det stadfesta at selsjukeviruset har tatt livet av fleire selungar.

Lenke til svensk rapport

Ved funn av sjuke eller daude selar skal Mattilsynet kontaktast på telefon 06040.
Lenke til nyhende hjå Mattilsynet

Kontaktpersoner Veterinærinstituttet

Knut Madslien, forskar, seksjon for vilthelse
Tel: 23 21 63 75
E-post: knut.madslien@vetinst.no

Anna Germundsson, forskar, seksjon for virologi og serologi
Tel: 23 21 64 18
E-post: anna.germundsson@vetinst.no

Del artikkel