Harepest påvist hjå to harar

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har i august diagnostisert harepest (tularemi) hjå to harar som er funnet daude i to ulike kommunar, høvesvis Ringebu og Våler i Østfold. Dette er dei første påviste tilfella av denne sjukdommen hjå hare så langt i år.

Tularemi (harepest) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis. Bakterien kan smitta menneske og mange ulike dyreartar. Haren er spesielt følsam for infeksjon og døyr vanlegvis av blodforgifting få dagar etter at han har blitt smitta. Vi påviser tularemi hjå hare som oftast om ettersommaren og hausten, og førekomsten av sjukdommen varierer frå år til år. Smågnagarar utgjer eit viktig smittereservoar for bakterien i naturen.

Harar som oppfører seg unormalt under jakt (går tregt i los), bør ikkje slaktehandsamast, då dette kan vera teikn på at haren er sjuk.

Tularemi kan også opptre hjå menneske (zoonose). For å unngå smitte må ein vera varsam med å handtera daude eller sjuke harar og smågnagarar. Ein bør ikkje drikka vann frå mindre, opne drikkevasskjelder i område med stor førekomst av smågnagarar eller i område der det er påvist tularemi hjå hare.

Aktuelle lenker:
Les meir om harepest (tularemi)
Les meir om korleis sjukdommen artar seg hjå menneske på Folkehelseinstituttets sine nettsider  
Les nettnyhet fra Mattilsynet

Kontaktperson ved Veterinærinstituttet:
Turid Vikøren

Del artikkel