Fleire funn av lakseparasitt i Lærdalselva

Denne saken er eldre enn to år

Snautt ti prosent av lakseyngelen som vart samla inn frå Lærdalselva, viste seg å vere infisert med lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Funna vart i hovudsaka gjorde nedst i elva.

Da Veterinærinstituttet melde om funn av Gyrodactylus salaris i Lærdalselva 7. november, var det berre påvist parasitt på éin lakseunge. Men da hadde ein berre undersøkt halvparten av dei tolv lokalitetane der det var samla inn fisk.

No er fisken frå alle tolv lokalitetane undersøkt, og talet på lakesungar som er infiserte med parasitten, har auka til 60 av i alt 663.

Lakesungane vart samla inn frå Lærdalselva i perioden 16.–18. oktober. Dei vart tekne frå tolv spesielt utvalde lokalitetar i samarbeid med fiskeforvaltaren hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Det vart ikkje funne Gyrodactylus salaris på dei tre øvste lokalitetane, berre eitt tilfelle på dei fem neste, medan mengda av infisert fisk varierte frå 29 til 65 prosent på dei fire nedste lokalitetane.

Desse funna av Gyrodactylus salaris etter aluminiumsulfatbehandlingar av Lærdalselva hausten 2005 og våren 2006 kan samanliknast med funna av denne lakseparasitten hausten 1999 etter ei rotenonbehandling i 1997. Også den gongen vart parasitten først og fremst funnen i nedre halvdelen av elva.

Dette kan tyde på at utfordringane ved kjemiske behandlingar av Lærdalselva først og fremst er i nedre halvdelen av den lakseførande strekninga, og at det finst eitt eller fleire mindre område der det er vanskeleg å få behandla lakseungane.

Fakta om Gyrodactylus salaris

Kontaktperson ved Veterinærinstituttet:
Seksjonsleiar Tor Atle Mo, Seksjon for parasittologi
Tlf: 23 21 61 10?
Mob: 916 92 916?
E-post: tor-atle.mo@vetinst.no

Del artikkel