Bjørn Næss

Denne saken er eldre enn to år

Tidlegare direktør ved Veterinærinstituttet, Bjørn Næss, gjekk bort søndag 1. november etter eit kort sjukeleie. Næss var ein av dei store bærebjelkane i norsk veterinærmedisin, og la ned eit særdeles viktig og omfattande arbeid ved Veterinærinstituttet.

Bjørn Næss vart født i Hedrum i Vestfold 29. juni 1943. Han vaks opp i en kjøpmannsfamilie i Kvelde, men hadde sterke familieband og -tradisjonar i landbruket i Lågendalen. Bjørn var gift med Birgit og dei har borna Eli, Ingfrid og Ole.

Bjørn Næss avla eksamen ved Norges veterinærhøgskule i 1967 og var i 3 år utdanningsstipendiat ved Institutt for næringsmiddelhygiene same stad. Frå 1971 var han forskar og prosjektleiar ved Institutt for mikrobiologi og immunologi, Norges veterinærhøgskule. Han tok veterinærmedisinsk doktorgrad i 1973, berre 29 år gamal.

Bjørn Næss blei direktør ved Veterinærinstituttet i 1983. Han hadde då vorte associate professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i Boston, i USA, og hadde i nokre år vore overveterinær ved Veterinærinstituttet.

Næss var i 1970 og -80 åra styreleiar for forsøksstasjonane for laksefisk på Sunndalsøra og Averøy, og han såg tideleg behovet for sterk satsing på førebyggjande helsearbeid i den raskt voksande oppdrettsnæringa i Norge.

Under Næss si tid som direktør utvikla Veterinærinstituttet seg frå eit diagnoselaboratorium til ein moderne forskings- og beredskapsinstitusjon. Veterinærinstituttet blei i 1993 av dåverande Statskonsult etter omfattande analyser, utpeikt som "vellykket forvaltningsbedrift", saman med 9 andre offentlege institusjonar i Norge. Veterinærinstituttet vart ein institusjon med god internasjonal standard og utvikla spisskompetanse på områder som var viktige for Norge. Bjørn Næss etablerte ei eiga leiargruppe ved institusjonen, og kvinner kom inn i leiarstillingar. Veterinærinstituttet blei ein tverrfagleg institusjon, og under Næss si leiing vart samfunnsoppdraget utvida til å omfatte fiskehelse, dyre-helse og fôr- og mattryggleik.

Bjørn Næss var sentral rådgivar for myndigheitene under ku-galskap-skandalen og under munn- og klauvsjukeepidemien i Europa på 1990-tallet og tideleg på 2000-tallet. Han var norsk representant i European Food Safety Authority (EFSA), i ei faggruppe innafor dyre-helse. I heile si yrkeskarriere ved Veterinærinstituttet hadde han betydelege faglege oppdrag utanfor institusjonen, blant anna i Norges forskingsråd, og han var styreleiar oppnemnt av Landbruks- og matdepartementet for Kimen såvarelaboratorium.

Bjørn Næss var sentral i utvikling av Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) og var også medlem i hovudkomiteen som utførte risikoanalysar på matområdet for Mattilsynet.

Etter at han slutta som direktør ved Veterinærinstituttet i 2003, blei han forskingsdirektør same stad. Denne posisjonen hadde han fram til 2007.

Frå 2008 og fram til han gjekk av med pensjon i 2013, var Bjørn Næss prosjekt- og brukarkoordinator for Nye Veterinærinstituttet - med oppføring av nybygg og flytting av Veterinærinstituttet til Ås. Han var instituttet sin kontaktperson opp mot Statsbygg og Statsbygg si prosjektgruppe. Bjørn Næss viste heile tida svært stor entusiasme for prosjektet, og var ein viktig katalysator for å få til gode prosessar i planlegging av arbeidet. Han var framtidsretta, og han ville ha utvikling og nyskaping.

Bjørn var ein inkluderande person som fekk fram det beste i medarbeidaren. Han ga stort ansvar og handlingsrom, han var ikkje detaljstyrande, men han motiverte medarbeidarane og ga positive tilbakemeldingar. Han var ein leiar som brukar løft-prinsippet. Bjørn Næss såg dei han hadde rundt seg, han spelte medarbeidarane gode. Han var visjonær og ny-tenkjande, samtidig som han var godt forankra i fortida og historia. Han tenkte strategisk både på kort og lang sikt. Bjørn hadde alltid tid til ein god samtale, opptredde profesjonelt, omsynsfullt og menneskeleg. Han ga gode råd og avslutta gjerne samtalen med at «Dette får vi til». Det skjedde opptil fleire gonger, for eksempel når vi hadde krevjande oppgåver i samband med bygging av MBE- og BSL-3-laboratoriet. Ha tok store utfordringar, men viste også audmjuke til det arbeidet som skulle gjerast.

Då Bjørn Næss gjekk av med pensjon i 2013, fekk han Kongens fortenestemedalje. Det var eit høgdepunkt i livet hans. Det la han ikkje skjul på.  Han kom også innom kontoret ein gong i blant etter at han blei pensjonist. Vi tok oss tid til å snakke om det som er viktig for dei fleste av oss, dei gode verdiane og det å sjå mennesket i mennesket, også på ein arbeidsplass. Onsdag i førre veke sende han nære medarbeidarar ved Veterinærinstituttet ei SMS melding der han fortalde att han var blitt alvorleg sjuk. Eg siterer frå siste del av meldinga: «Jeg vil takke dere alle for hyggelig og effektivt samarbeide gjennom svært mange år. Veterinærinstituttet er en god arbeidsplass. Jeg får ikke oppleve det nye Veterinærinstituttet på Ås, men min tro er at resultatet blir svært bra. Vennlig hilsen Bjørn». Eg hadde også SMS-kontakt med han på torsdag der han skreiv at han ville snakke med meg om han fekk betre pust. Det var dei djupe og fine tankane han ville snakke om, skreiv han. Så langt kom vi ikkje. Søndag morgon var det slutt. Ein stor direktør og eit stort menneske har gått bort. Eg sender varme tankar til familien og lyser fred over minnet hans.

 

Gudmund Holstad

Administrerande direktør  

Del artikkel