
Program:
- Marit Gaastra Maaland, NMBU – Beinproblem hos purker med fokus på frakturar – 20 min
- Siv Meling, Veterinærinstituttet – Munn og klauvsjuke, oppdatering frå utbrota i Europa – 15 min
Det blir også korte innlegg frå Mattilsynet og Rogaland Veterinærforening om aktuelle saker, samt tid til spørsmål og diskusjon.
Seminaret er for veterinærar på tvers av arbeidsfelt, og me håpar å sjå mange der. Seminaret er fysisk og det vil ikkje bli lagt opp til digital deltaking.
Me byr på ein kaffitår og kanskje noko lett å bita i.