Anders Jørgensen har gjennom doktorgradsarbeidet sitt ”Genetic studies of diplomonad flagellates from fish” skildra ein ny parasitt frå slekta Spironucleus. Parasitten rammar fisk i oppdrett og kan gi alvorleg sjukdom. Han disputerte 24. januar 2008.
Parasittar frå slekta Spironucleus er kjent for å gi alvorleg sjukdom hos oppdrettsfisk og akvariefisk. Hos oppdrettslaks har ein funne slike parasittar i illeluktande, pussfylte byllar i muskulatur og indre organ. Etter at ein såg dei fyrste utbrota av denne sjukdomen hos oppdrettslaks seint på 80-talet, har ein trutt at årsaka har vore Spironucleus barkhanus som er ein ganske vanleg parasitt i tarmsystemet til vill harr og røye. Hos desse fiskeartane er parasitten tilsynelatande ikkje noko problem.
Jørgensen har i sitt doktorgradsarbeid gjennomført genetiske undersøkingar som viser at parasitten som gir sjukdom hos oppdrettslaks, genetisk er svært ulik den varianten ein finn i vill laksefisk, sjølv om dei ser identiske ut i elektronmikroskop. På bakgrunn av desse funna blei parasitten som gir sjukdom hos oppdrettslaks skildra som ein ny art - Spironucleus salmonicida.
Denne saken ble publisert 25.01.2008.