Gunhild Hageskal har forsvara avhandlinga si 29. juni 2007, «Moulds in Norwegian drinking water. Occurrence and distribution of mould species in water distribution systems», for graden PhD ved Norges veterinærhøgskole.
Muggsopp er vanleg i alle typar av norsk vatn, og vassleidningsnettet kan fungere som spreiingsveg for eit mangfald av muggarter. Det er kjent at somme muggarter kan gi sjukdom, men ein veit enno lite om samanhengen mellom folkehelse og muggsopp i vatn.
Gunhild Hageskal har i doktorgradsarbeidet sitt studert førekomst og utbreiing av muggsopparter i norske drikkevassystem. Funna tyder på at vatn frå alle delar av dei undersøkte drikkevassystema normalt inneheld muggsopp, sjølv om det er større sjanse for å påvise muggsopp i vatn med overflatevasskjelde enn i vatn med grunnvasskjelde. Det er også meir vanleg å påvise mugg i kaldt vatn og dusjvatn enn i varmt vatn, men varmetolerante arter kan etablere seg i varmvassfasilitetar. Det er påvist eit mangfald av arter, og dei vanlegaste artene høyrer til slektene Trichoderma, Penicillium og Aspergillus.
Muggsopp har dei seinare åra kome stadig meir i søkjelyset som årsak til helseproblem, ettersom somme muggarter kan gi sjukdom. Samanhengen mellom mugg i vatn og folkehelse er enno ikkje fullt ut klarlagd, og ein veit lite om kva nivå som kan vere problematiske i drikkevatn. Ettersom nivået av muggsopp i vatn til vanleg er relativt lågt, vil det for friske menneske som regel ikkje føre med seg helserisiko å drikke vatn frå springen i Noreg. Det er likevel viktig å vere klar over at arter som kan gi sjukdom hos særleg utsette grupper, også finst i drikkevatn. Somme arter kan også vere årsak til dårleg lukt og smak på vatnet, og dermed redusere kvaliteten.
Denne saken ble publisert 28.04.2011.