Tillit til dyrevelferd i fiskeoppdrett – kva kan vi stole på?
I dette seminaret inviterer Veterinærinstituttet saman med Havforskingsinstituttet til open og faktabasert formidling og diskusjon om dyrevelferd i fiskeoppdrett.
I Noreg har tilliten til styresmakter, næring, forsking og fiskehelsepersonell tradisjonelt vore høg. Det tek lang tid å byggje slik tillit, men ho kan raskt svekkjast dersom utfordringane knytte til dyrevelferd i fiskeoppdrett ikkje blir diskuterte ope og faktabasert.
Då dyrevelferdsmeldinga blei lagd fram mot slutten av 2024, erkjende regjeringa at dyrevelferd for oppdrettsfisk i Noreg ikkje var god nok. Det blei sett eit overordna mål om under 5 prosent dødelegheit for alle artar i oppdrett. Havbruksmeldinga frå 2025 understrekar at vidare utvikling av næringa krev «felles innsats mellom næring, forsking og forvaltning».
Tillit mellom aktørane er derfor avgjerande og eit sentralt spørsmål er korleis næringa varetek fiskehelsa, velferd og miljø – og korleis dette kan målast på ein etterprøvbar måte.
I dette seminaret vil Fiskevelferdsforumet spreie kunnskapen ein har om dyrevelferd for fisk, og på den måten leggje til rette for at kunnskap og forsking blir teken i bruk og vurdert.
Arrangementet på Litteraturhuset under Forskingsdagane har blitt arrangert sidan 2018 og har blitt ein viktig arena for å få kunnskapen ut, og skape debatt. Etter at dyrevelferdsmeldinga blei lagd fram, har arbeidet med velferd for oppdrettsfisk fått auka merksemd. Forbrukarar og avgjerdstakarar etterspør i aukande grad forskingsresultat om velferdskonsekvensar, førebygging og datagrunnlag. Arrangementet kombinerer korte, faglege innlegg viser kvifor betre data er nødvendig, og korleis dette kan bidra til forbetra velferd framover.
Arrangementet blir avslutta med ein panelsamtale der vi mellom anna skal diskutere: Korleis vi kan sikre framgang i dyrevelferdsarbeidet hos oppdrettsfisk i Noreg, og kva må til for at næringa skal dele meir detaljerte og presise data?
Fiskevelferdsseminaret blir strøyma for å auke tilgjengelegheit, refleksjon og kritisk tenking. For å nå ut til flest moglege planlegg vi å lage ein teaser-video om arrangementet som skal delast i sosiale kanalar i forkant av seminaret.
Program og påmelding kjem snart.
Hvor
Litteraturhuset i Trondheim
Når
24. september 2026, kl. 18.00 - 21.00