Smittsam leverbetennelse hos hund
Smittsam leverbetennelse hos hund, også kalla smittsam hepatitt, blir ein sjeldan gong påvist i Noreg. Sjukdommen gir betennelse i lever og blødningstendensar hos unge, uvaksinerte hundar.
Infeksjon med smittsam leverbetennelse hos hund er ein liste 3-sjukdom, og førekomst av sjukdommen skal meldast til Mattilsynet.
Smittestoff og smittevegar
Smittsam leverbetennelse hos hund (hepatitis contagiosa canis, HCC) er ein virussjukdom forårsaka av adenovirus type-1 (CAV-1), og høyrer til familien Adenoviridae. Det andre adenoviruset hos hund (CAV-2) er eit luftvegspatogen som blir rekna for å vere blant årsakene til kennelhoste. Det er eit nært antigent slektskap mellom CAV-1 og CAV-2. Adenovirus er nakne (ikkje kappekledde) DNA-virus som replikerer i kjernen til infiserte celler, og gir intranukleære inklusjonslegemer. CAV-1 har særleg evne til å binde seg til celler i blodårer, lever og nyre (karendotel og parenkymale celler i lever og nyre).
Viruset kan finnast i alle kroppsvæsker hos infiserte hundar. Smitte skjer oftast ved direkte kontakt mellom hundar, når virus frå kroppsvæsker kjem i kontakt med munn eller nase. Hundar kan òg bli smitta indirekte gjennom kontakt med forureina gjenstandar, utstyr eller anna materiale som inneheld virus. Ville dyr som rev og ulv kan òg bere med seg viruset og smitte hundar ved direkte eller indirekte kontakt.
Nokre hundar kan vere persistente smitteberarar utan å vise teikn på sjukdom (subklinisk infeksjon). Desse dyra kan likevel skilje ut virus og dermed bidra til smittespreiing. Etter gjennomgått infeksjon kan virus dessutan vere til stades i nyrene hos tilsynelatande friske hundar og bli skilt ut i urinen i opptil seks til ni månader.
CAV-1 er relativt motstandsdyktig i miljøet utanfor vertsdyret og kan halde seg smitteførande i fleire veker, både ved frost og i temperaturar opp til 30 °C.
Viruset smittar ikkje til menneske.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Kliniske teikn på HCC opptrer som regel fire til ni dagar etter smitte. Sjukdommen er vanlegast hos unge hundar, der dødelegheita kan vere høg. Kliniske teikn kan variere frå milde til alvorlege, og nokre hundar viser ingen symptom. I dei mest akutte tilfella kan hunden døy etter kort tids sjukdom som følgje av sirkulatorisk kollaps. Sjukdommen kan elles ha både akutt og kronisk forløp.
Symptoma er ofte uspesifikke, men kan omfatte feber, nedsett allmenntilstand, nedsett matlyst, buksmerter, oppkast og symptom frå nervesystemet og luftvegane. Slimhinner i munn og auge kan vere bleike eller gulfarga (ikteriske). Sjuke hundar kan òg få hevelsar og blødingar i nakke, hovud og kropp. I perioden etter gjennomgått infeksjon kan enkelte hundar utvikle blakking av hornhinna («blue eye»). Dette kjem av immunkompleks som fører til opphoping av væske (ødem) i hornhinna. Hundar kan òg utvikle glomerulonefritt, ein betennelsestilstand i nyrene som blir utløyst av immunkompleks.
Diagnose kan stillast ved hjelp av PCR-undersøking av kroppsekret eller vevsprøve, eller immunfluorescensundersøking av vevsprøve. Serologiske undersøkingar (påvising av antistoff) kan òg vere aktuelt, men det krev samanlikning av parprøvar, og tidlegare vaksinering gjer tolking av resultat frå slike prøvar vanskeleg.
Vil du ha undersøkt prøver for HCC?
Førekomst
Sjukdommen er i dag sjeldan i Noreg, mellom anna fordi mange hundar er vaksinerte.
Tiltak
Det beste tiltaket mot smittsam leverbetennelse hos hund er vaksinering, og ved rett vaksinering er hunden godt verna mot sjukdommen.
Vaksine mot HCC er ein del av kjernevaksinane hos hund. Vaksinen blir ofte gitt som del av ein kombinasjonsvaksine som vernar mot fleire sjukdommar hos hund. Kvalpar bør vaksinerast når dei er sju til åtte veker gamle, og deretter ved 12 vekers alder. Ved smitteutbrot kan vaksinasjon vurderast frå seks vekers alder, medan første dose kan utsetjast til 12 vekers alder dersom smitterisikoen er svært låg. Ved auka smittepress kan ein vurdere ein ekstra dose ved 16 vekers alder.
Første revaksinering blir gitt ved 6 månaders alder, deretter kvart tredje år, men verknaden varer ofte lenger. Avlstisper bør vaksinerast jamleg for å sikre rikelege mengder antistoff i råmjølka til kvalpane.