Pelsmidd (Megninia spp.)

Pelsmidden Cheyletiella blir også kalla «vandrande flass» fordi den er liten (0,2 – 0,5 mm), lys og kan leva på hudoverflata hos hund, katt og kanin.

Midden gir til vanleg berre flassing og litt kløe hos vertsdyret, og dyret sitt eige pelsstell er ofte tilstrekkeleg til å halda parasitten i sjakk.

Smittestoff og smittevegar

Pelsmidd tilhøyrer familien Cheyletiella og finst hos fleire dyreartar. Midden har stor vertspreferanse, slik at den lever og formeirar seg stort sett på den dyrearten som er hovudverten. Katt, hund og kanin har kvar sin art av pelsmidd.

Heile livssyklusen, frå egg til vaksen, finn stad på verten. Vaksne pelsmidd kan leva i opptil 10 dagar utanfor vertsdyret utan å ta til seg næring. Dersom temperaturen i miljøet er kjølig, kan den leva enda lengre.

Dyr smittar kvarandre stort sett ved direkte og nær kontakt, men smitten kan også skje ved indirekte kontakt, til dømes via smitta utstyr, liggeplass etc.

Pelsmidden kan overførast til menneske gjennom nærkontakt med smitta dyr, men midden kan ikkje formeira seg på menneske.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Pelsmidden lever nede i hårsekkane, men invaderer ikkje cellelaga i overhuda. Midden er årsak til unormal kløe, håravfall og eit belegg av flass.

Hos kanin ser ein dette spesielt på nakke, rygg og hofteparti. For Angorakanin kan eit angrep av pelsmidd få alvorlege følgjer fordi ullkvaliteten blir nedsett. Nokre dyr kan få sekundære skadar i huda på grunn av kløen.

Dersom smittekjelda blir fjerna, til dømes ved behandling, går plagene over i løpet av nokre veker.

Nokre menneske reagerer allergisk på avføring frå midden. Eventuelle hudreaksjonar hos menneske heilar vanlegvis utan behandling.

Diagnostikk

Pelsmidden kan påvisast ved mikroskopisk gransking av materiale frå område med flass.

Førekomst

Pelsmidd finst i alle land, hos katt, hund og kanin.

Tiltak

Ta kontakt med veterinær ved mistanke om pelsmidd. Dråpepreparat mot flått har effekt. Denne behandlinga må setjast i verk med visse mellomrom. Plassar der hunden oppheld seg må støvsugast og vaskast regelmessig i behandlingsperioden. Filteret i støvsugaren bør leggjast i vatn for å uskadeleggjera parasittane som har festa seg på filteret. Filteret må tørkast før ny bruk.

Hos kanin kan angrep av pelsmidd førekoma om våren når det blir mildare i veret. For å bli kvitt problemet, er det viktig at alle dyr blir behandla, og i tillegg må miljøet og utstyret vaskast og desinfiserast med preparat som inneheld permetrin (insektsmiddel).