Parvovirus-infeksjon hos hund

Parvovirusinfeksjon hos hund blir av og til påvist i Noreg. Sjukdommen gir alvorleg diaré, og i nokre tilfelle betennelse i hjartemuskelvev hos unge valpar av uvaksinerte tisper. Valpar, uvaksinerte og immunsvekka hundar kan døy av sjukdommen.

Infeksjon med parvovirus hos hund er ein liste 3-sjukdom, og førekomst av sjukdommen skal meldast til Mattilsynet.

Illstrasjonsfoto av hund som tar vaksine
Illstrasjonsfoto: Colourbox

Smittestoff og smittevegar

Hundens parvovirus type 2 (canine parvovirus (CPV-2)),er eit nakent (ikkje kappekledd), enkelttråda DNA-virus. CPV-2 er det ein til vanleg kallar parvovirus hos hund, og det høyrer til slekta Protoparvovirus. Parvovirus hos hund og katt er nært beslekta.

Viruset replikerer (lagar kopiar av seg sjølv) i celler med hyppig celledeling, som lymfevev, tarmepitel og beinmarg.  Smitta hundar kan skilje ut store mengder virus i avføringa i om lag ti dagar. Viruset er svært motstandsdyktig og kan halde seg smittsamt i miljø utanfor verten i minst eit år. Indirekte kontaktsmitte er difor  vanleg.

Viruset smitter ikkje til menneske.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Kliniske teikn på parvovirusinfeksjon opptrer som regel tre til fem dagar etter smitte, men inkubasjonstid på opptil 14 dagar er rapportert. Hundar i alle aldrar kan bli sjuke, men sjukdommen er vanlegvis mest alvorleg hos hundar som er yngre enn seks månader. Infeksjonen startar ofte med oppkast og feber, etterfølgt av kraftig, gjerne blodig diaré med eit akutt eller svært raskt sjukdomsforløp. Parvovirusinfeksjon gir òg ei forbigåande svekking av immunforsvaret. Infeksjonen kan og gje betennelse i hjartemuskelvev og hjartesvikt hos valpar av uvaksinerte tisper, som smittast enten i fosterlivet eller kort tid etter fødsel. Antistoff frå valpemor beskyttar mot infeksjon, men denne beskyttelsen avtar raskt etter fødsel dersom valpane ikkje blir vaksinerte.

Diagnose stilles vanligvis med PCR. Det finnes også hurtigtester som benyttes av smådyrklinikker, men disse har lavere sensitivitet enn PCR.  Ved obduksjon/histopatologisk undersøking av affisert vev (til dømes peyerpletter i tarm) kan parvovirus også påvises ved hjelp av immunhistokjemi. Antistoffer mot CPV-2 kan påvises med ELISA.

Førekomst

Parvovirus er truleg utbreidd blant hundar i Noreg, men førekomsten er ikkje kartlagd. Risikoen for utbrot aukar når mange mottakelege hundar blir haldne tett saman over tid, slik at smittepresset kan byggje seg opp. Utbrot blir av og til rapporterte, særleg i hundemiljø med låg vaksinasjonsdekning. Innsending av prøver frå mistenkte tilfelle og melding til Mattilsynet ved påvising er derfor viktig for å betre oversikta over smittesituasjonen og for å kunne følgje utviklinga over tid.

Tiltak

Det beste tiltaket mot parvovirusinfeksjonar er vaksinering, og ved riktig vaksinering er hunden godt verna mot sjukdommen. Vaksine mot parvovirusinfeksjon er ein del av kjernevaksinene hos hund og vaksinen blir ofte gitt som del av ein kombinasjonsvaksine som vernar mot fleire sjukdommar hos hund.

Valpar bør vaksinerast når dei er sju til åtte veker gamle, og deretter ved 12 vekers alder. Ved sjukdomsutbrot kan det vere aktuelt å vaksinere frå seks vekers alder. Dersom smitterisikoen er svært låg, kan den første dosen utsetjast til 12 vekers alder. Ved auka smittepress kan ein vurdere å gi ein ekstra dose ved 16 vekers alder. Den første revaksineringa bør gis ved seks månaders alder, og deretter kvart tredje år. Vaksinebeskyttelsen varer ofte lenger enn dette. Avlstisper bør vaksinerast jamleg for å sikre at kvalpane får rikelege mengder antistoff gjennom råmjølka.

God hygiene er eit viktig supplement til vaksinering for å førebyggje mot parvovirusinfeksjon og andre smittsame sjukdommar hos hund. Dette gjeld særleg i miljø der mange hundar samlast, som kennelar, hundepensjonat, utstillingar, kurs og konkurransar. Rask fjerning av avføring, grundig reinhald og desinfeksjon av utstyr og område som blir brukte av fleire hundar, kan redusere smittepresset og risikoen for vidare spreiing av viruset.

Hundar som er sjuke av parvovirusinfeksjon, bør følgast opp med støttebehandling hos veterinær.

Sjå brosjyre om vaksinar til hund.

Kontaktpersonar

Bente Fjermestad-Eie

Bente Fjermestad-Eie

Veterinær, fagansvarlig smådyr og zoonoser
Kari Lybeck

Kari Lybeck

Forsker/veterinær
Alle ansatte